Ofrar ferien for å skape juleglede for andre

Når nesten 18.000 lys skal opp og koordinerast med musikk, må Leif Herrick ta seg fri frå jobben i fire veker for å få tid til alt. Resultatet er eit lysshow av amerikansk standard.

«Nå tennast tusen julelys» syng både Kurt Nilsen og Sissel Kyrkjebø. Hos Peer Tarkington på Vøyenenga i Bærum kan du doble dei tusen julelysa og legge til ein ekstra null.

Det er fyrste sundag i advent, og tradisjon tru skal lysshowet som kompisen hans, Leif Herrick, har jobba med sidan midten av oktober ha premiere.

– Er du nervøs?

– Ja, no er eg spent. Eg hadde ikkje nok tid til å køyre ein testrunde, så me får krysse fingrane og håpe at det fungerer som det skal, seier Herrick.

Sjå showet i slutten av saka.

Julehus på Vøyenenga i Bærum

SHOW: Mange hadde møtt opp for å sjå lysa tennast.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Lange arbeidsdagar

Amerikanaren har brukt rundt ti timar dagleg på å få opp alle lysa, og koordinere kvar einaste lyspære med musikken som skal spelast av samtidig.

Leif Herrick

MYKJE ARBEID: I rundt seks veker har Leif Herrick jobba med å sette opp showet.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Ein skulle jo fort tru at dette er ein tradisjon han har tatt med seg frå USA, men Herrick hadde aldri gjort dette sjølv, før han flytta til Noreg.

Sidan han bur i ein leilegheit har han fått lov til å pynte huset til kameraten sin Peer dei siste åra. Og kvart år prøver han å gjere showet større og flottare.

– Eg har alltid likt slike lys, så han fekk frie taumar av meg til å køyre på, seier Peer Tarkington.

For å få tid til alt har Herrick dei siste åra teke ut ferien sin i november. Julepyntinga har blitt ein hobby han gler seg til kvart år.

– Normalt tek ein jo ut ferievekene om sommaren, men sjefen har slutta å krangle med meg no, når eg seier at eg heller vil ta den ut på denne tida av året, seier Herrick.

Kan det bli for mykje julebelysning?

Klar, ferdig, GÅ!

Så nærmar tida seg.

På ein skjerm nede i høgre hjørnet av huset tel ei klokke ned.

Fem. Fire. Tre. To. Ein. Null.

Far og sønn ser på julepynt

TRADISJON: Både store og små synest det var fint å sjå på.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Huset som hittil har vore bada i eit blått lys, går i svart, før tropiske techno-tonar straumar ut av høgtalarane, samtidig som små juletre på bakken og lyslenker frå vindauga lyser opp.

Plutseleg dansar 17.800 lys føre auga til dei som har møtt opp.

Lysa beveger seg opp og ned takbjelkane, rundt vindauga, langs med inngangspartiet og ut på bakken.

Samtidig heng det fire grøne juletre på eine veggen, med auge og raude lepper som på eit punkt syng ein juleversjon av Toto sin «Africa» blanda med «12 Days of Christmas».

I løpet av showet får ein og høyre songar som «Bjelleklang», «På Låven Sitter Nissen» og «Deck The Halls».

Gratis

Til dei siste tonane frå «Do They Know it's Christmas» går huset i svart igjen. Årets premiere er overstått, og publikum både hoiar og applauderer.

Men det tek ikkje lange tida før huset igjen lysast opp og dei tropiske techno-tonane ljomar utover plassen. For no kan kven som helst sende ei tekstmelding og be om å få starta showet igjen, skulle dei ynskje det.

Og det kan dei gjere når som helst mellom klokka 16 og 22 heile desember.

– Er du nøgd?

– Ja, det vart bra. Det var nokre ting eg sikkert kunne gjort betre om eg hadde litt meir tid, men alt i alt er eg fornøgd, svarer Herrick som har stått blant folkemengda og følgt med.

Han er ein overraskande beskjeden type, med tanke på at han har brukt mellom 50 – og 70.000 kroner dei siste åra på dette opplegget. Men å få nokre pengar igjen for det er uaktuelt.

– Det skal vera gratis å komme her og sjå det. Alt eg ynskjer er berre å kunne glede nokon andre. Så lenge eg har ein plass å eta og sova, så er eg fornøgd. Utover det bryr eg meg ikkje så mykje om pengar.

PS: No som straumprisane er skyhøge, tenker du kanskje at dette vil resultere i ei kraftig straumrekning. Men ifølge Herrick er det nesten ikkje merkbart, då lyspærene er på i så korte periodar.

Når nesten 18.000 lys skal opp og koordinerast med musikk, må Leif Herrick ta seg fri frå jobben for å få tid til alt. Resultatet er eit lysshow av amerikansk standard.