– Det er ille. Rett og slett, seier Bjarne Granli.
Han er medlem og tidlegare leiar i Arbeidernes Jeger og Fiskeforening Halden (AJFF).
Kvar juni står han klar med fiskestonga ved Berbyelva i Halden. For fire år sidan blei fiskarane sjokkert da sjuke og halvdøde fisk dukka opp i den populære lakseelva.
Laksen var råka av hudblødingar, nedsett bevisstheit og fisken lét seg lett fange. Forskarar slo fast at fisken var råka av den mystiske hudsjukdomen Red skin disease.
Ingen klart å finne ut kvifor fisken blei sjuk.
Etter to år utan teikn på smitte, er sjukdomen no tilbake.
Bjarne Granli vaknar om natta på grunn av den sjuke laksen.
Foto: Birger Kjølberg/NRKBileta frå den gang heimsøkjer Granli.
– Eg vaknar om natta fordi eg ser sjuk fisk. Eg vaknar gjennomblaut av sveitte for det er rett og slett så ille.
Ukjend årsak
Det er ikkje kjend kva som forårsakar hudsjukdomen.
– Det som er urovekkjande er at ein veit veldig lite om Red skin disease, seier fagsjef Sigurd Hytterød i Norske lakseelver.
– Det er ein tilstand som gjer at fisken får forandringar som ein ser på fisken. Ein har ingen årsak til at det blir slik. Det er det som gjer dette komplisert.
Denne laksen frå Enningsdalselva blei funnen i 2019 med tydelege sår.
Foto: AJFFFiskarane meiner det må meir innsats til for at sjukdomen ikkje skal spreie seg til andre elver.
– Den store utfordringa no er at det ikkje er pengar til å gjere den forskinga som skal til for å finne årsaka, seier Hytterød.
Blir tatt prøver
For to år sidan klarte ingen å finne ut kva sjukdomen var. No blir det igjen tatt prøver av laksen i håp om å løyse gåta.
To forskarar frå Veterinærinstituttet gjennomførte feltobduksjon av to laks 31. mai i år. No skal det bli gjort fleire undersøkingar på materialet, blant anna dyrking av bakterie og virus.
Enkelte av undersøkingane tek lang tid, men resultata vil til slutt bli registrert og sendt til elveeigarlag og Mattilsynet.
Elveeigarlaget har også fått tilsendt utstyr for ytterlegare prøveuttak.