Hopp til innhold

Forretningsmann kan få mildare straff: Dommar hadde konflikt med Skatteetaten

Lagmannsretten har ikkje rutinar for å sikre at meddommarar blir varsla dersom dei blir kjende inhabile.

Inngangen til Skatteetatens kontor ved Helsfyr i Oslo.

Lagmannsretten meiner meddommaren framleis ber nag til Skatteetaten etter ei tilsynssak i 2017.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Eg trur faktisk ikkje eg har vore med på ein så spesiell situasjon tidlegare, seier politiadvokat Jørn Johannessen Lyche.

I november i fjor vart ein forretningsmann frå Østfold dømd til tre års fengsel for grov økonomisk kriminalitet.

Tingretten meinte mannen hadde tappa eigne selskap for fleire millionar kroner. I tillegg skal han ha late vere å betale nær 3 millionar kroner i skattar og avgifter.

Denne veka tok saka ei brå vending. Borgarting lagmannsrett oppheva dommen til tingretten.

Det betyr at saka no må behandlast på nytt i tingretten.

– For den domfelte i tingretten betyr det at han mest truleg vil få ein stor strafferabatt, om han blir dømd i ei ny rettssak i tingretten, seier Lyche.

Informerte ikkje om konflikt

Lagmannsretten meiner ein av meddommarane som behandla saka i tingretten var inhabil.

Grunnen er at meddommaren aldri informerte tingretten om ein tidlegare konflikt med Skatteetaten.

– Han lét også vere å nemne at han ikkje lenger var statsautorisert revisor, sjølv om han vart oppmuntra til det, står det i dommen frå lagmannsretten.

– Hadde eg ikkje kjent meg habil, hadde eg ikkje teke på meg oppdraget, seier meddommaren til NRK.

Han ønskjer ikkje å seie noko meir om saka.

Dette er andre gong på få år at ein tingrettsdom blir oppheva som følgje av manglande habiliteten hjå den aktuelle meddommaren.

I 2017 vart ein dom i ei anna økonomisk straffesak oppheva. Også då var det på grunn av konflikten meddommaren hadde med Skatteetaten.

Rett24 omtalte saka først.

Eksteriør Borgarting lagmannsrett

Tingrettsdommen frå Søndre Østfold tingrett vart oppheva av Borgarting lagmannsrett i januar i år.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Nytt for meg

Meddommaren er framleis yrkesaktiv revisor, sjølv om han vart fråteken statsautoriseringa etter ei tilsynssak fleire år tilbake i tid.

I ein e-post meddommaren sende i november i fjor skreiv han at han valde å «fortrengje» tilsynssaka.

Han hevdar han aldri har fått vite at han vart vurdert som inhabil i saka frå 2017.

– Det er nytt for meg at ein dom skal ha vorte oppheva på grunn av inhabilitet, står det i e-posten signert meddommaren.

Lagmannsretten meiner e-posten viser at revisoren «framleis ber nag til skattestyresmaktene som følgje av tilsynssaka».

Har ikkje rutinar for varsling

Borgarting lagmannsrett har ikkje faste rutinar for å varsle meddommarar som blir kjende inhabile.

Det opplyser seniorrådgivar Annicken Michaelsen til NRK.

– Om ein meddommar som vart funnen inhabil i Borgarting i 2017 visste om avgjerda eller ikkje, kan ikkje vi svare på.

Anka saka

Til Rett24 seier Arnt Angell, som er forsvarar til forretningsmannen, at han ikkje var klar over problemstillinga då saka gjekk i retten i fjor haust.

Advokat Arnt Angell

Arnt Angell i Elden Advokatfirma forsvarer forretningsmannen som no har fått dommen mot seg oppheva.

Foto: Johan Ánte Utsi / NRK

Etter Angell vart informert om den moglege inhabiliteten, valde klienten hans å anke saka.

– Sjølv om det ikkje er noko formelt krav at meddommaren er statsautorisert, så står det jo faktisk på dommen at han er det. Då handlar det om den generelle tilliten, seier Angell til Rett24.

Les også Garderobe-Mannen konkurs igjen: 1600 nye kunder skal ha betalt for varer de ikke har fått

Fasade med Garderobe-mannen-skilt