Hopp til innhold

Fryktar utrygge barn: – Bemanninga i norske barnehagar er kritisk

Foreldre og tilsette fryktar at låg bemanning og høgt sjukefråvær i barnehagar går utover både barn og vaksne. No meiner dei regjeringa må gjere noko.

Foreldre Kristine og Tonje

Kristine Dahle Bryde-Erichsen og Tonje Brunvand Hauge fryktar at barna skal bli utrygge og at dei tilsette skal slite seg ut.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

– Det å ha veldig mange ulike vikarar skaper ein utryggleik for barna. Det gjer også at dei ikkje får tid til leik og læring, seier Tonje Brunvand Hauge.

Ho og Kristine Dahle Bryde-Erichsen har begge barn som går i barnehage i Nordre Follo.

Dei merkar at for få folk på jobb i barnehagen til tider går utover barna, og meiner talet på faste tilsette i barnehagar bør aukast.

Anonyme barn i barnehage

Foreldra fortel at dei har opplevd at bemanninga til tider har gjort at barna ikkje har kunna leike ute.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

– Vi ser at dei tilsette slit seg ut, og vi er redde for at dei då blir sjukmelde, som gir endå meir skade for barna og meir utryggleik, seier Hauge.

Tal frå NAV viser at det er nesten dobbelt så høgt sjukefråvær i barnehagar som gjennomsnittet i landet elles.

Sjukefråværet har også auka dei siste fire åra.

– Det har vore dagar der det har vore tre timars opningstid. Uavhengig av kor fleksibel arbeidsgivaren din er, så er det for lite for barna og for oss som foreldre, seier Bryde-Erichsen.

Ber politikarane handle

– Styresmaktene er nøydde til å ta på alvor det sektoren har sagt frå om i fleire år no – at grunnbemanninga og bemanningsnorma er for låg og for dårleg, seier Royne Berget.

Bemanningsnorma vart vedteken i 2018. Den seier noko om kor mange barn det skal vere per tilsett i barnehagar.

Berget er styrar i to barnehagar i Nordre Follo. I barnehagane deira er det iblant vanskeleg å få kabalen til å gå opp.

Royne Berget

VIL HA HANDLING: Styrar i Ingierkollen barnehage, Royne Berget, meiner politikarane må gjere noko.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Det har gjort at dei har måtta stengje tidlegare og opne seinare enkelte dagar.

– Det er gjort fleire undersøkingar som viser at bemanningsnorma berre verkar i to til tre timar kvar dag. Då seier det seg sjølv at det er ganske sårbart.

Barnehagen i Nordre Follo er ikkje åleine. NRK har snakka med fleire barnehagar i ulike delar av landet som står i liknande situasjonar.

Også Utdanningsforbundet stadfestar at det er store problem med å ha nok tilsette på jobb.

– Det er stadig fleire tilbakemeldingar på at bemanninga i norske barnehagar er det eg vil seie er kritisk, seier nestleiar Hege Valås i Utdanningsforbundet.

Les også Dårlig vedlikehold på skolen: – Elever har tisset på seg i friminuttet

Todelt bilde: Til venstre: Et toalett. Til høyre: En kvinne med blå jakke og armene i kors.

– Vanskeleg å få tak i vikarar

Barnehagar NRK har snakka med fortel også at det er vanskeleg å følgje bemanningsnorma gjennom heile dagen.

I tillegg er det ikkje alltid lett å få tak i vikarar.

– Viss det er sjukefråvær til dømes, som det dessverre er mykje av i barnehagesektoren, så blir det vanskeleg å få ting til å gå rundt slik ein skulle ønske. Det medfører jo at vi prøver å få tak i vikarar, men det er ikkje så mange vikarar å få tak i, seier Berget.

I løpet av arbeidsdagane skal også tilsette ha pausar, pedagogane skal ha tid til å planleggje og det må vere tid til møte.

NRK forklarer

Kor mange barn skal det vere per tilsett i barnehagar? 

Kor mange barn skal det vere per tilsett i barnehagar? 

Kva seier lova? 

Ifølgje barnehagelova skal det minst vere ein tilsett per tre barn når barna er under tre år og ein tilsett per seks barn når barna er over tre år. 

Kor mange barn skal det vere per tilsett i barnehagar? 

Kven kan jobbe i barnehagar? 

I barnehagar jobbar både pedagogar, leiarar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar og assistentar. Ifølgje Barnehageloven skal alle, uavhengig av stilling, blir rekna med når ein tel opp kor mange barn det er per tilsett. Ifølgje Utdanningsdirektoratet (UDIR) var det 5,7 barn per tilsett i 2022. 

Kor mange barn skal det vere per tilsett i barnehagar? 

Kor mange barn i Noreg går i barnehage? 

Dei nyaste tala som seier noko om dette kjem frå Udir og er frå i fjor. Då var det nærare 270.000 barn i Noreg som gjekk i barnehage.

Kor mange barn skal det vere per tilsett i barnehagar? 

Kor mange barnehagar er det i Noreg?

Totalt var det 5419 barnehagar i heile landet, både private og kommunale. Men barnehagane blir stadig færre og større. Det var 106 færre barnehagar i fjor, enn i 2021. Dei kommunale barnehagane er i gjennomsnitt litt større, ifølgje Udir. 

Vil ha fleire barnehagelærarar

Verken kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) eller statssekretær Kjetil Vevle (Ap) hadde tid til å stille til intervju i denne saka.

Men i ein e-post seier Vevle at regjeringa er oppteken av bemanningssituasjonen i barnehagar i landet.

Statssekretær Kjetil Vevle

Statssekretær Kjetil Vevle (Ap) i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Kunnskapsdepartementet

Frå 2021 til 2022 forsvann omtrent kvar fjerde søkjar til barnehagelærarutdanning, viser tal frå Samordna opptak.

Vevle seier dei ikkje kan slå seg til ro med at kvar tredje tilsett manglar relevant utdanning. Dei vil ha fleire barnehagelærarar og fagarbeidarar.

Samtidig vil vi sjå på korleis vi kan forbetre bemanningsnorma, mellom anna ved å stille krav til vikarbruk, krav til stadleg leiar, gå gjennom oppgåver som tek tilsette bort frå barna og gå gjennom finansieringa av norma.

Vevle skriv vidare at eigar av barnehagane må sikre at det er nok tilsette til stades til kvar tid og vurdere opningstid.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag av regjeringa å finne ut meir om situasjonen i barnehagar i landet.

Royne Berget føler at politikarane ikkje lyttar til barnehagesektoren.

– Det er sagt gjennom regjeringsplattforma at bemanning skulle kikkast på, men det opplever vi at ikkje blir gjort.

Les også Lærere utsatt for vold: – Føler det ikke er trygt å være på jobb

Knut Raknerud Olsen

Hei!

Hei! 

Takk for at du har lest deg helt ned hit. 

Tenkte du på noe da du leste saken? Eller har du tips til hva min neste artikkel skal handle om? Send meg gjerne en e-post!