Hopp til innhold

Kvinne skadd i skyting i Drammen

Ein mann i 20-åra er sikta for drapsforsøk etter skyting i ei leilegheit i Drammen fredag morgon.

Skyting Drammen

Mannskap frå politiet utanfor leilegheita på Strømsø i Drammen der ei kvinne vart skoten fredag morgon.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Naudetatane fekk melding om at det vart fyrt av skot i leilegheita i Tordenskioldsgate rundt klokka 5 på morgonen 1. nyttårsdag.

Ein kvinne i 40-åra vart frakta til sjukehus med skotskadar i ei arm.

Ein mann i 20-åra ringde sjølv til politiet. Han vart arrestert ved ein bensinstasjon eit par timar seinare.

Ifølgje politiet er våpenet som vart brukt eit haglegevær. Mannen er sikta for drapsforsøk.

– Han erkjenner at han har vore på staden og har skote fleire skot, men erkjenner ikkje straffskuld, seier politiadvokat Magnus Rindal Fredriksen til NRK.

Den sikta mannen vert framstilt for varetektsfengsling laurdag føremiddag.

Det var ytterlegare tre personar i 20-åra i leilegheita, ifølgje politiet. Dei vil førebels ikkje vil seie noko om relasjonen mellom dei involverte.

Laster Twitter-innhold