Hopp til innhold

Kvinne døydde etter knivangrep i Sarpsborg – to andre er skadde

Tre kvinner vart i natt stukne med kniv i Sarpsborg på ulike stadar i byen. Ei av kvinnene er død, og ei er kritisk skadd. Ein mann er arrestert.

Tre kvinner vart i natt stukne med kniv i Sarpsborg på ulike stadar i byen. Ei av kvinnene er død, og ei er kritisk skadd. Ein mann er arrestert.

Tre kvinner vart i natt stukne med kniv i Sarpsborg på ulike stadar i byen. Ei av kvinnene er død, og ei er kritisk skadd. Ein mann er arrestert.

Politiet opplyser at dei fyrst fekk melding om ei knivstukken kvinne på bussterminalen i Sarpsborg sentrum. Kort tid etter fekk dei nye meldingar om to nye knivstikkingar i St. Nikolas gate og Oscars gate. Alle offera er kvinner.

To av kvinnene fekk kritiske skader, og den eine av dei vart stadfesta død av politiet klokka to. Den tredje kvinna er stukken i armen og lettare skadd.

– Vi ønsker på noverande tidspunkt ikkje å gå ut med namn på den omkomne av omsyn til dei pårørande, skriv Øst politidistrikt i ei pressemelding.

Den fyrste meldinga om knivstikking kom ved midnatt. Væpna politi rykka ut, og sende ut melding på Twitter om at folk i byen burde halde seg innandørs.

Sarpsborg Arbeiderblad skriv at dei har vore i kontakt med mannen til eit av offera. Han fortel at gjerningsmannen banka på døra og tok seg inn i bustaden deira i Østre bydel. Der skal han ha gått til angrep på kvinna.

– Vi sat og såg på TV, så banker det på døra. Då eg opna forsøkte han å stikke meg, men eg kom meg unna, seier mannen til SA.

Kriminalteknikar i arbeid i Sarpsborg

Politiet gjer undersøkingar rundt ein parkert Toyota ikkje langt frå Storbyen kjøpesenter i sentrum av Sarpsborg. Her er ein kriminalteknikar i arbeid.

Foto: Rahand Bazaz / NRK
Laster Twitter-innhold

– Livstruande

Politiet sin innsatsleiar, Rolf Listrøm, seier til NRK at dei vurderte situasjonen som livstruande, og kalla ut alle tilgjengelege politifolk i området til Sarpsborg sentrum.

Ifylgje NRKs sine reporterar i Sarpsborg sperra væpna politi av sentrum av byen, og det var lange køar. Inne i sentrum såg dei minst 15–20 politibilar, politihelikopter og eit Sea King redningshelikopter. Væpna politi stod i gatene.

Politisperring i Sarpsborg

Politiet sperra av sentrum.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Inne i byen, ved Bussterminalen, der den første knivstikkinga skjedde, stod ei stund ni ambulansar i beredskap.

Ambulansar ved bussterminalen i Sarpsborg

Ambulansar ved bussterminalen i Sarpsborg

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Ein arrestert

Politiet fortel at eit av offera kjente igjen gjerningsmannen. Ein mann vart arrestert ikkje lenge etter på ei privatadresse i Sarpsborgs sentrum.

Eit augevitne fortel til NRK at vedkommande såg tungt væpna politi som arresterte ein person.

Ei stund var politiet usikre på om det kunne vere fleire gjerningsmenn. Derfor bad dei folk om å halde seg inne i heimane sine i Sarpsborg-distriktet.

Etterforsking i gang

Ved eittida ser det ut til at politiet har starta kriminaltekniske undersøkingar rundt ein personbil i sentrum. Bilen vart seinare frakta vekk.

Politiet seier ved halv totida at dei ikkje har indikasjonar på at det kan vere fleire gjerningspersonar.

– Politiet trur ikkje det er fleire gjerningspersonar, seier Olav Unnestad, leiar for fellesoperative tenester i Øst politidistrikt:

Dei meiner dei har kontroll på situasjonen, og opplyser at dei vil vere til stades i Sarpsborg med store styrkar gjennom natta for å ta vare på tryggleik, ro og orden.

Øst politidistrikt har allereie starta etterforsking av saka, og gjer nye undersøkingar utover natta.

Politet gjør undersøkelser på en adresse etter knivstikkingene i Sarpsborg.

UNDERSØKINGAR: Politiet driv no med kriminaltekniske undersøkingar i og utanfor eit hus i nærleiken av der gjerningsmannen vart arrestert.

Foto: Emil Johansen / NRK

Klokka 08.18 opplyser Politiets tryggingsteneste (PST) til NRK at dei ikkje er kopla på etterforskinga.

– PST er orientert om saka og følgjer utviklinga, men per no er dette ein sak som politidistriktet sjølve etterforskar, seier Dafina Shala, kommunikasjonsrådgjevar i PST.

Politiet i Sarpsborg driv onsdag morgon med tekniske undersøkingar i og rundt eit hus i nærleiken av der den mistenkte gjerningsmannen vart arrestert i natt.

Ordførar: – Uvirkelig

– Det er heilt frykteleg å få slike nyheiter. Eg tenkjer veldig på ho som har blitt drepen og dei pårørande til alle som er blitt ramma, seier Sindre Martinsen-Evje.

Sindre Martinsen-Evje

SJOKKA: Ordføraren i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje beskriv knivstikkingane i natt som uverkelege.

Ordføraren i Sarpsborg kommune visste framleis lite om saka då NRK snakka med han onsdag morgon. Han opplyser at dei har oppretta eit kriseteam for å hjelpe dei som treng psykisk hjelp.

– Det er ein helseteneste under legevakta som består av helse- og fagfolk innanfor det psykososiale som hjelper dei pårørande eller dei som har behov for å snakke med nokon, seier Martinsen-Evje

Ordføraren rosar naudetatane og dei som jobba med å følgje opp dei pårørande for innsatsen i natt:

– Eg ønskjer også å takke dei som har stått på og som framleis jobbar med saka. Det her er helt uvirkelig, seier Martinsen-Evje.