Hopp til innhold

Krever slutt på hemmeleghald

– Fiskeridirektoratet kan ikkje halde dette hemmeleg berre for at det skal vere bekvemt for seg. Dei må kunne leggje fram dokumentasjon når det har vore så stort engasjement rundt denne kvalrossen.

Det krev generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima og biolog Christian Steel.

Han kjem med ei klar etterlysing etter kva vurderingar som blei gjort før Fiskeridirektoratet i ly av morgontimane reiste ut i Oslofjorden og tok livet av kvalrossen.