Hopp til innhold

Høggravide Ida: – Eg sit heime i mørket og tre fell rundt heile huset!

Trea knekk, låvetak flyr, straumen er borte og på Gulsvik sit Ida Amalie fanga i huset, høggravid.

Ida Amalie Nielsen er høggravid - og fanga i huset heime på Gulsvik i Flå.

Ida Amalie Nielsen er høggravid – og fanga i huset heime på Gulsvik i Flå.

Foto: Privat

Vinden har framleis ikkje stilna i 18-tida fredag kveld. Det bles framleis kraftig på mange stader i Sør-Noreg.

– Eg sit heime i mørket og tre fell rundt heile huset! Det er kaos.

Det seier Ida Amalie Nielsen på Gulsvik i Flå. I 16-tida meldte brannvesenet på Flå at eit låvetak hadde blitt tatt av vinden.

– Det var så vidt vi greidde å komme oss heim, det låg trær over vegen. Dei hadde kappa trea på asfaltvegen, heldigvis. Men på grusvegen ligg det framleis tre.

– Er du redd?

– Ja, eg er litt redd. Eg har et tre rett utanfor soveromsvindauget som driv og løfter seg litt. Og berre for å gjere det litt verre, så sit eg her høggravid og har kanskje begynt på latensfasen, seiar Nielsen.

Det blåser fortsatt kraftig i Buskerud.

Det bles framleis kraftig mange stader i Sør-Noreg. Fleire tre har knekt over vegar og bilar.

Foto: Harald Reitan

Fleire ulykker

«Vi mottar veldig mange meldingar på innesperrede bilar og personar. Brannvesenet jobbar seg oppover og nedover E16 frå Nes i Ådal», skriv Ringerike brann på Twitter.

Ved Flekkerud i Nes i Ådal er vegen delvis stengt på grunn av vind. To bilar er treft av tre og må bergas, meldar Sør-Øst politidistrikt klokka 17.45.

«Vegane blir sperra så fort vi klarer å rydde», opplyser Ringerike brann og redning.

«Til dykk som sit i bilar og ventar på hjelp: Vi er på veg», skriv brannvesenet.

Politiet har tidlegare på dagen bedt folk om å utsette reisa.

Tre over vegen

Tre knekk som fyrstikker.

Foto: Harald Reitan

Knekk som fyrstikker

Det er heftig vêr i Agder, Telemark, Buskerud og Innlandet i dag, og det bles framleis kraftig i 18-tida. For Hallingdal kraftnett har det bydd på utfordringar. Der slit mannskapa med å halde seg på føtene, skriv Hallingdølen.

Trefall Valdres

Tre over vegen i Valdres på fv. 243.

Foto: Nina Didriksen / NRK

– No er det ekstremt kraftig vind. Det skaper ekstra krevjande forhold for mannskapa våre som er ute og gjer feilrettingar no, seier beredskapsleiar Audun Grynning.

Han har fått meldingar frå energimontørane om at det knakar i skogen rundt dei.

– Tre knekk som fyrstikker, seier han.

Då NRK prata med Hallingdal kraftnett i 12-tida, var 1500 kundar utan straum.

Bilder fra Hallingdal Kraftnett.

Bilete frå Hallingdal Kraftnett.

– Sjeldan

Vinden skal vere sterkast mellom klokka 12:00 og 18:00 i dag, melder Meteorologisk institutt.

– Det er sjeldan me har så sterk vind her. I tillegg er det mildt og ikkje frost i bakken. Då har desse trea ein tendens til å velte lettare. Det er hektisk for oss no, me heldt oppe beredskapen så lenge me må.

Dei har kalla ut så å seie alt dei har av mannskap i dei råka kommunane i Hallingdal. Mellom slaga får mannskapa høve til å kvile.

– Me må passe på dei som er der ute, men me skal klare å handtere det, seier Grynning.

I fleire kommunar i Telemark er det også problem med mobildekninga og breiband. Telenor jobbar no på spreng for å kartlegge og reparere brotet.

I Tokke er det plassert ein ambulanse ved legekontoret.

– Det er mykje vêr og vind i området. Det er også ein bil på veg til Austbygdi og ein lokal bil plassert i Vinje, seier seniorrådgjevar Svein Ivar Fiane hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Krisestab

– Først og fremst er det utruleg mykje trefall som stenger vegar. Vi er strømløse frå Grungedal og austover, seiar rådmann i Vinje, Jan Myrekrok til NRK.

Fleire butikkar er stengt, og kommunen har sat krisestab. Også legevakt er forsterka, brannbilar har fått fylt opp ekstra vann i tankane og det er sat inn ekstra veivakter, informerer Myrekrok.

Han har ingen oversikt over kor mykje skader som er registrert, men han vet at det har gått nokon tak og trær som har falt. Han vet heller ikkje når folk kan forvente å få straumen tilbake.

– Eg kan ikkje minnast at det har blåst så mykje sidan 1997, avsluttar han.

Fylkesveg 364 Austbygdi-Ormemyr i Telemark er også stengd grunna tre over vegen. Statens vegvesen melder om tre i vegbanen fleire stader i Buskerud og Telemark. Dei har ryddemannskap ute, men folk må rekne med at det til tider ikkje er høve til å passere.

Stengd er også Bergensbanen mellom Ål og Hønefoss grunna problem med straumtilførsel, melder Bane Nor.

Orkan styrke

I Hemsedal bles det sterk storm vest frå fjelltoppane, ifølgje Meteorologisk institutt.

Vakthavande meteorolog Håkon Mjelstad fortel at dei har målt vindkast på 38 sekundmeter på toppen av Hemsedal skisenter. Det svarar til orkan styrke.

Meteorolog Håkon Mjelstad

Meteorolog Håkon Mjelstad oppmodar folk til å vere forsiktige.

Foto: NRK

– Vindkasta, i tillegg til at det bles jamt mykje, er det som bekymrar oss. Det kan gjere mest skade, seier Mjelstad.

Det er også fare for vindkast nede i dalsøkka, seier meteorologen.

– Ein må vere forsiktig, oppmodar Mjelstad.

Ringerike brann og redning skriv at store delar av mobilnettet er nede rundt Nes i Ådal. Difor er det vanskeleg å få kontakt med naudetatane.

Innsendte bilder ifm uværet.

Innsende bilete ifm uvêret.