Hopp til innhold

Kongsberg-drapa: Fyrte av fleire titals pilar

Talet på fornærma har stige til 24 etter Kongsberg-drapa, opplyser politiet i ein pressekonferanse. Den sikta Espen Andersen Bråthen skal også ha fyrt av fleire titals pilar før han vart arrestert.

Politiinspektør Per Thomas Omholt i pressekonferanse om Kongsberg-drapene.

Politiinspektør Per Thomas Omholt under pressekonferansen førre veke.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Etterforskinga etter Kongsberg-drapa fortset med stor tyngde. Elektroniske spor, sikta sin historikk og analyse er sentralt i vidare etterforsking.

24 fornærma

Den sikta sine elektroniske spor i forkant av hendinga er spesielt interessant med tanke på kva han forklarer i avhøyr, seier politiet.

Politiet har per no god oversikt over hendingsgangen og har fått ein betre oversikt over sikta sin historikk.

– Sikta går frå sin bustad og mot Coop Extra. Der skyt han fleire pilar før han går inn, seier politiinspektør Per Thomas Omholt.

Inne på Coop skyt Bråthen fleire pilar og rømmer ganske umiddelbart etter å ha skote piler mot politiet.

Etterforskinga har avdekka at det er 24 fornærma i saka, av dei er fem drepe, tre fysisk skadde og 16 er utsett for ulike hendingar som politiet skal avdekke.

– Dette er typisk forsøk på drap, forsøk på kroppsskade, typisk dei som er skote etter med pil- og bue. I tillegg har nokon blitt sikta på og utsett for truslar, seier Omholt.

Titals pilar

Politiet sin sterkast hypotese er at våpena sikta har nytta vart kjøpt på internett ein stund før hendinga. Av omsyn til etterforskinga, ønsker ikkje politiet å gå meir i detalj om våpena anna enn at det er stikkvåpen.

– Sikta har skote fleire titals pilar, men politiet ønsker ikkje gå ut med eksakt tal, seier Omholt.

Totalt har politiet hatt 260 samtalar med vitnar og fornærma. Dei har også gjennomført meir enn 130 formelle avhøyr.

– Grunnen til at me er forsiktig med å gå ut med enkelte detaljar frå etterforskinga, er at nettopp desse avhøyra ikkje skal bli farga av opplysningar i avisene.

Sikta sin historikk, mellom anna kontakt Bråthen har hatt med helsetenesta er eitt av politiet sine fokusområde no. Tingretten har oppnemnd tre rettspsykiatrar, men politiet vil ikkje seie noko om kven dei er.

– Kva slags jobb skal dei gjere?

– Dei skal vurdere sikta som ein heilskap. Dei skal prate med han, få historikken, sjå på straffesaka, tidlegare helsehistorikk og heile sikta sitt liv. Så må dei vurdere kva for mental tilstand han er i og har vore i, seier Omholt til NRK.

Kartlegg mental helse

– Det er viktig for politiet å kartlegge sikta sin mentale helse, kva for førebuingar han har gjort og kva for haldningar han har. Politiet har fått eit klart bilete av kva sikta har gjort i forkant av hendinga, seier Omholt.

Hypotesen om at Bråthen har gjort nokon tankar i forkant av hendinga, er ikkje svekka, held Omholt fram. At sikta har konvertert til islam er ein hypotese dei held open, men den er svekka.

– Kva har sikta forklart om sitt forhold til islam?

– Førebels er hypotesen om at han har konvertert til islam, svekka. Det har vore filmar der han pratar om dette offentleg på YouTube, men etterforskinga har svekka at det er ein realitet.

Dagen etter drapa på Kongsberg, gjekk Politiets tryggingsteneste (PST) ut med ein pressemelding der dei skreiv at hendinga på dåverande tidspunkt stod fram som ei terrorhandling. Det har dei seinare gått bort frå.

– Det gjekk på modus operandi, det som faktisk hadde skjedd og hans utsegn rett i etterkant til politiet. Det gjorde at me måtte ta høgde for at det var terror, også fordi me måtte verkssette dei tiltaka me gjer om det er terror, seier kontraterrorsjef Arne Christian Haugstøyl i PST til Dagbladet.

Har tatt blod- og urinprøve

Politiet har tatt blod- og urinprøve av sikta. Desse vil kunne gi politiet informasjon om sikta hadde alkohol, narkotika eller andre substansar i blodet.

– Men det er viktig at dette ikkje påverkar vitneutsegn.

Politiet vil difor ikkje seie noko om resultatet av desse prøvene. Så langt har dei gjennomført fem avhøyr av sikta og to rettspsykiatriske undersøkingar.

Flere nyheter fra NRK Buskerud