Hopp til innhold

Konfliktrådet handterer fleire nabokranglar

Hittil i år har konfliktrådet Oslo, som også dekker Romerike, Asker og Bærum, hatt 54 nabokonfliktsaker oppe. Det er ei nesten 60 prosent auke frå same tidspunkt i fjor, då det var 34 tilsvarande saker.

Leiar ved Oslo-kontoret, Katinka Hartmann, håpar det er fordi fleire vel å ta kontakt med dei før det har gått for langt.

– Vi er eit godt alternativ til rettsvesenet, som jo mange saker kan endre opp i, seier Hartmann.

Ho oppfordrar folk til å først prate med naboen sjølv, men seier dei skal vere der dersom det ikkje blir løysing frå det.

– Konfliktrådet kan legge til rette for at naboar som har ei konflikt kan snakke saman og finne ei løysing som begge partar kan leve med. Dei skal fortsette å vere naboar, og må kunne gå ut utan å vere redde for å treffe kvarandre, seier ho.

Vanlege konfliktar som dukkar opp kan handle om tre som skuggar for sol, trampolinar i hage, feststøy frå naboleilegheita, parkeringsplassar, redsel for naboen sin hund.