Hopp til innhold

NSB køyrer med redusert kapasitet: – Så tett må folk tole å stå

DRAMMEN (NRK): Seks personar per kvadratmeter i midtgangen er innanfor krava. – Ubehageleg ja, men det må togpendlarane finne seg i, meiner Statens jernbanetilsyn.

Trangt på tog

Så trongt skal du faktisk kunne stå på tog.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / Erlend Dalhaug Daae / NRK

Det har vore uvanleg trongt for mange togpendlarar den siste tida. På grunn av snø og kulde har NSB berre køyrd med halvparten av togsetta dei brukar på fleire avgangar inn til Oslo som i utgangspunktet er svært fulle.

Stappfullt på toget

Togkupeane har vore overfylt på mange avgangar mellom anna på Drammenbanen i vinter.

Foto: Ole Rolfsrud / NRK

– Ein blir oppmoda til å ta toget, men så føler ein at dei tek med fleire passasjerar enn dei kan handtere. Ein står veldig som sild i tønne og blir ganske irritert, seier Thomas Bonafede.

Denne dagen har han og Camilla Solholm Johansen fått sitjeplass på toget frå Drammen til Oslo fordi dei har tatt ein seinare avgang etter at det verste pendlarkaoset er over.

Togpendlarar

Camilla Solholm Johansen og Thomas Bonafede synest det er leit at pendlaropplevinga blir dårlegare om vinteren når fleire vel toget.

Foto: Tina Brock / NRK

Direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i Statens jernbanetilsyn seier at ein i praksis kan fylle toga til randa så lenge ein har ein plan for evakuering.

– Ja, det kan opplevast ubehageleg, men toga er designa for å tole det. Og viss NSB kan vise til at dei kan evakuere toga, så er det greitt, seier han.

Direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i Statens Jernbanetilsyn

Folk må tole å stå trongt må tog, seier direktør Erik Ø.Reiersøl-Johsen i jernbanetilsynet.

Foto: STATENS JERNBANETILSYN

Toga må tine om morgonen

NSB forklarer dei fulle pendlartoga med den ganske så normale vinteren me har hatt på Austlandet til nå.

– Det er kulda som gjer at det er vanskeleg å kople saman tog. Eller det kan vere frost under tog som gjer at dei må stå og tine litt ekstra. Det gjer at me av og til ikkje har nok seter på toga, seier pressesjef i NSB, Åge Christoffer Lundeby.

Åge Christoffer Lundeby

Pressesjef Åge Christoffer Lundeby er sjølv togpendlar og veit kor frustrerande det er når togkupeane er overfylt.

Foto: Tina Brock / NRK

Han fortel at dette som oftast skjer om morgonen når dei også har flest passasjerar som skal rekke jobb.

– Da skal me kople saman tog like før avgang, og om ein ikkje rekk det må ein køyre med enkeltsett og ikkje doble. Da blir det trongt, seier pressesjef i NSB, Åge Christoffer Lundeby.

– Kvifor kan ein ikkje starte å jobbe før om ein ikkje rekk det?

– Det har med plassen å gjere, det er ikkje berre å gjere det. Sterk kulde og snø skapar problem for oss nordmenn, også for toga.

Har mangla 2700 togsete

Camilla Solholm Johansen synest reiseopplevinga blir betrakteleg dårlegare enn den brukar å vere.

– Det kan vere irriterande, spesielt om togturen blir lenger enn planlagt. Det er midt på vinteren, men likevel står folk og sveittar. Det er ikkje så lekkert, beskriv Solholm Johansen om dei stappfulle togvognene.

NSB meiner at det at dei må køyre med berre fem av ti vogner om morgonen ikkje er eit stort problem i den store samanhengen. På regiontogstrekninga mellom Kongsberg og Eidsvoll fortel han at dei skulle har levert 348.000 togsete til nå i 2019, medan dei eigentleg skulle hatt 351.000.

– Men det er sjølvsagt frustrerande når det skjer for pendlarane. Me har stor forståing for at det ikkje er ålreit å starte dagen med eit litt for trongt tog, seier Lundeby.

Skjermdump

Dette er beskjeden togpendlarane har fått mange morgonar i januar. Da blir det ein trong og varm start på dagen.