Hopp til innhold

– Klarar eg det, så er det håp for alle

I heimbygda var «Klepto-Kjell» kjend som ein lite påliteleg kar, ein som folk passa seg for. No er han ordførarkandidat.

Kjell Torstein Hagen utanfor kommunehuset i Gol.

Kjell Torstein Hagen står på toppen av nominasjonslista når Raudt stiller til val i Gol til hausten.

Foto: Caroline Utti / NRK

Kjell Torstein Hagen står utanfor kommunehuset i Gol. Om ganske nøyaktig seks månader blir det klart kven som skal styre lokalpolitikken her dei neste fire åra.

Han håpar å bli ein av dei.

– Det er litt surrealistisk, den tanken. Eg hadde ikkje trudd det for 15 år sidan. Då sat eg jo berre og var forbanna på alle politikarane.

Kjell Torstein Hagen utanfor kommunehuset i Gol.

Kjell Torstein Hagen utanfor kommunehuset i Gol.

Foto: Caroline Utti / NRK

Pass deg for «Klepto-Kjell»

Ting gjekk tidleg skeis for Hagen. Alt i ungdomsskolealder begynte han å drikke og stele. Han vart kjend som «Klepto-Kjell», ein fyr det var lurt å passe seg for.

Han lærte nemleg aldri, sjølv om han vart tatt.

– Eg var kjend som ein som gav litt faen. Det vart liksom identiteten min.

Derifrå går det meste berre éin veg - nedover. I slutten av 20-åra begynner han å ruse seg på amfetamin.

I nokre år bur han på gata i Oslo.

Seljarkortet til Kjell Torstein Hagen, som var en av dei fyrste seljarane av gatemagasinet =Oslo.

I 2005 er Kjell Torstein Hagen blant dei fyrste seljarane av gatemagasinet =Oslo.

Foto: Privat

Etter mykje fram og tilbake, flyttar han heim til Gol i 2008 for å prøve å få livet på stell.

– Eg reiste frå Gol som Klepto-Kjell og alkoholikar. Så kom eg tilbake som Klepto-Kjell, alkoholikar og narkoman.

Det er ikkje berre lett. Og han går på smell etter smell, før han til slutt får seg jobb på ein lokal matbutikk.

Sjefen har trua, og gjev Hagen sjansen til å bevise at han kan vera både lovlydig og påliteleg.

I 2010 tek Klepto-Kjell sin siste brukardose.

Kjell Torstein Hagen på kjøkkenet på Makalaus kafé i Gol. På veggen bak han heng ein plakat med påskrifta "ren sone".

Kjell Torstein Hagen har vore rusfri sidan 2010. No heldt han seg også unna andre ting det er lett å bli avhengig av, som til dømes kaffi.

Foto: Caroline Utti / NRK

13 år seinare

No har Kjell Torstein så mange ballar i lufta at han knapt klarar å telje sjølv.

Les også Nå koster det penger: – Flere dropper ut

Han er engasjert i alt frå det lokale fråhaldslaget, til bevaringa av eit historisk gardstun eigd av kommunen. Dei siste åtte åra har han stått i bresjen for ein årleg konferanse knytt til rus og psykisk helse.

Snart er han også ferdig utdanna erfaringskonsulent.

Kjell Torstein Hagen har praksisplass på Kafé Makalaus i Gol. Kafeen blir drive av psykisk helse i kommunen.

Kjell Torstein har praksisplass på Kafé Makalaus i Gol medan han utdannar seg som erfaringskonsulent.

Kjell Torstein Hagen har praksisplass på Kafé Makalaus i Gol.

Kafeen blir drive av avdelinga for psykisk helse i kommunen, og har mellom anna eigen snikkarverkstad for brukarane.

Kjell Torstein Hagen har praksisplass på Kafé Makalaus i Gol. Kafeen blir drive av psykisk helse i kommunen.

Men fyrst og fremst er kafeen ein møtestad for folk som treng det.

Kjell Torstein Hagen har praksisplass på Kafé Makalaus i Gol. Kafeen blir drive av psykisk helse i kommunen.

– Eg vil gjerne vise at det er mogleg å snu om på ting. Det er det som er grunnlaget for engasjementet mitt, seier Kjell Torstein Hagen.

I fjor stifta partiet Raudt eige lokallag i Hallingdal. Til hausten stiller partiet for fyrste gong til val i to kommunar.

Framgang for Raudt

Partiet såg ein stor auke i talet på nominasjonslister ved kommunevalet i 2019.

I år stiller Raudt til val i enno fleire av landets kommunar.

Les også: : Rødt stiller med liste i Åmli

– Me kan med sikkerheit seie at det blir minst 150 lister i år. Det er 11 fleire enn i 2019. Med mykje stong inn kan me hamne opp mot 190. Men eg ville sat pengane mine på at det blir ein stad midt i mellom, seier organisasjonssekretær Reidar Strisland til NRK.

Øvst på lista for Raudt i Gol, står Kjell Torstein Hagen.

Kjell Torstein Hagen og Per Harald Peddal Gravdal i snikkarverkstaden på Kafé Makalaus i Gol.

Kjell Torstein Hagen og Per Harald Peddal Gravdal i snikkarverkstaden på Kafé Makalaus i Gol.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Det er litt skummelt. Men spennande òg. Eg går ikkje for ordførarkandidaturet akkurat, men eg håpar på ein plass i kommunestyret, seier han.

– Om eg skal stemme på han? Nei, det veit eg ikkje, flirer Per Harald Peddal Gravdal.

Uansett synest han det er tøft at Hagen stiller til val.

– Det er tøft å klare å byggje seg opp att, og vise seg verdig. Det står respekt av det. Med ei slik historie er det fort at ein kjenner seg «null» verd.

Kjell Torstein Hagen utanfor Pers Hotell.

I ungdommen var «Klepto-Kjell» ofte innom Pers Hotell på tokt.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ein ny sjanse

Eit lite steinkast frå kommunehuset ligg Pers Hotell.

Det var ein av plassane som fekk gjennomgå når «Klepto-Kjell» var ute på tokt i ungdommen.

– Hotellet fekk hyppig besøk av meg. Eg klatra inn gjennom opne vindauge og dører for å få tak i verdisaker, fortel Hagen.

I dag er det Per Rustberggard som eig og driv hotellet.

Per Rustberggard og Kjell Torstein Hagen på Pers Hotell.

Per Rustberggard, eigar og drivar av Pers Hotell.

Foto: Caroline Utti / NRK

Han og Hagen er omtrent på same alder. Rustberggard veit difor godt korleis «Klepto-Kjell» har vore oppfatta av mange i lokalsamfunnet.

– Me har vel alle høyrt om «bygdedyret». Viss du har gjort noko gale i eit lite lokalsamfunn, så blir det gjerne hengande lenger ved deg enn det hadde gjort i ein by, seier han.

Men «fortid er fortid», meiner Rustberggard.

– Alle fortener ein sjanse to og tre. Og så er det viktig å ha respekt for den reisa den enkelte har hatt som menneske. For 15-20 år sidan var det vel ingen som tippa at eg skulle drive hotell heller.

Ventar spent på valdagen

For 15 år sidan var det nok få som ville tippa at Kjell Torstein Hagen ein dag skulle stille til val. Minst av alle han sjølv.

Kjell Torstein Hagen utanfor kommunehuset i Gol.

– Det finst sikkert dei som sit og ventar på at eg skal gå på ein smell. Men stort sett er det berre positivitet å spore, seier Kjell Torstein Hagen.

Foto: Caroline Utti / NRK

No står det att og sjå om han får oppfylt draumen om ein plass i kommunestyret.

– Eg er ekstra opptatt av politikk knytt til rus og psykisk helse. Og brenner for å få løfta fram brukarstemmene, seier han.

– Og elles vil eg vise at det finst moglegheiter, uansett kor gale fortida er. Eg greidde å bli rusfri og lovlydig i den same bygda der eg har gjort så mykje drit. Då er det håp for alle.

Flere nyheter fra NRK Buskerud