Artisten frå Ål slo for fullt gjennom etter fylte 40 år og har sanka seksarar og prisar – og har spelt for utselde hus. No er turen kome til teaterscena.
For ein fullsett sal kunne ein lytte og la seg bevege gjennom ein stor bukett sterke, melankolske og humoristiske tekstar frå Hallingdals nye moderne poet.
Stein Torleif Bjella hadde med seg familien til urpremieren på Det Norske Teatret. Døtrene Beate og Bergljot var særs stolte av at fars tekstar noko har blitt til eit teaterstykke.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKStein Torleif Bjella var mest audmjuk over det heile.
– Eg sat og tuta litt, og så gapskratta eg lit. Det var alvor og det var spøk. Alle dei ytterpunkta funka, så det vart veldig bra.
– Du tuta litt?
– Eg sat og tuta litt av tolkinga, det var vellukka.
Artisten Bjørn Eidsvåg kunne ikkje få fullrost førestillinga nok.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKOg artistprest Bjørn Eidsvåg var blant dei mange kjendisane, og dei mange sambygdingane frå Hallingdal som hadde tatt turen.
– Eg oppdaga masse i tekstane som har gått meg hus forbi. Eg visste dei var bra, men her blei det meir som noveller enn eg har tenkt på det før. Eg hadde ein storarta kveld.