Hopp til innhold

Jodel slettar sladre-kanalar

Appen har sett seg lei på folk som hetsar og spreier falske rykte. – Klokt, seier Mads Hansen.

Om ein går inn i kanalane som tidlegare har vore brukt til å sladre om kjente fjes, får ein no berre opp eit tomt forum.

Om ein går inn i kanalane som tidlegare har vore brukt til å sladre om kjente fjes, får ein no berre opp eit tomt forum.

Foto: Skjermbilete: Jodel

Måndag kveld var det mange som ikkje lenger fekk si daglege dose sladder, då dei skulle innom appen Jodel. Appen valde i går å legge ned nokre av dei største kanalane sine.

Mykje sladder, hets og falske rykter som blir spreidd, har gjort at Jodel har blokkert alle sine forum som handlar om sladder.

Mykje sladder, hets og falske rykte, har gjort at Jodel har sett seg nøydd til å blokkere fleire av kanalane sine.

Foto: Skjermbilete: Jodel

Blant kanalane som vart lagt på hoggestabben, var «@kjendisgossip» og «@bloggergossip».

Førstnemnde hadde rundt 10.000 brukarar og vart brukt – slik namnet ymtar om – til å sladre om kjente fjes.

Mange brukte denne kanalen til å finne ut ting om kjendisar, utan at ein kan faktasjekke infoen som kjem inn. Om nokon har ynskja seg informasjon om andre, har det ikkje vore uvanleg å berre skrive namnet deira i ein post. Deretter kommenterer folk med det dei veit.

Dette har blant anna ført til rykte om alt frå intime detaljar til at folk skal vera gravide og liknande.

Mads Hansen

Mads Hansen meiner det er klokt av Jodel å blokkere folk frå å spreie løgner og hets.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Får ikkje forsvart seg

Ein som har opplevd å få rykte spreidd om seg på appen, er Mads Hansen.

Sjølv er ikkje Farmen-programleiaren på Jodel, men får ofte tilsendt skjermdump av ting som er skriven om han.

– Eg hugsar blant anna ein person som skreiv at dei hadde kontakta meg på Instagram, og at eg etterpå hadde kontakta arbeidsplassen deira, for å få personen sparka.

Hansen, som blant anna er kjent frå Spårtsklubben i VGTV, seier det er eit problem at ein ikkje får moglegheit til å forsvare seg.

– Eg vil jo helst bli likt av flest mogleg, men skal du ta meg på noko, så ta meg på noko som er sant. Ikkje fabrikker ei historie som eg ikkje ein gong får forsvare meg mot. Å spreie løgner er ikkje kult.

Blokkerer alt som er sladder

Det er nettopp dette sladderet, som har fått Jodel til å ta grep. I ei utsegn på appen skriv dei at dei har snakka med fleire brukarar, influencerar, forskarar og journalistar om kanalane, og bestemt seg for å blokkere alle kanalar som handlar om sladder på appen.

– Jodel er bygd opp under mottoet #GoodVibesOnly. Diverre bryt desse kanalane med kva me meiner er rett, samtidig som dei strider mot våre verdiar, skriv dei.

Jodel skriver at de blant annet har sett situasjoner der kjendiser har spredt rykter om andre, og om seg selv.

Jodel skriv at dei blant anna har sett situasjonar der kjendisar har spreidd rykte om andre og seg sjølve.

Foto: Skjermbilete

Det er ikkje berre norske sladrehankar som no må finne andre jaktmarker. Den tyske appen skriv at dei kjem til å blokkere det over heile verda, og har svartelista orda for «sladder», på mange ulike språk for å kunne stoppa folk frå å spreie rykte blant anna.

– Dei ulike foruma våre vart brukt til å blant anna snakke ned kroppane og utsjånaden til youtubarar, mobbe bloggarar og spreie usanne rykte. Me har til og med sett kjendisar sette ut rykte om andre eller seg sjølv. Alt dette går imot retningslinjene våre, og det nektar me å godta.

Klokt val av Jodel

– Det er klokt av Jodel å blokkere dei kanalane, seier Hansen.

Han poengterer at rykte og sladder kan vera spennande og artig, men at det blir problematisk med ein gong det leggast ei vond hensikt bak.

– Det som provoserer meg, er når eg får tilsendt skjermdump der nokre har gått i såpass detalj, at alle som les det vil tru det er sant.

Men han trur ikkje at sladringa kjem til å ta slutt, berre fordi ein app har blokkert det.

– Sladring har eksistert i mange år. Tenk berre tilbake på nabokjerringa som fekk med seg alt som skjedde i bygda. Og sladder treng ikkje alltid vera ein vond ting, så lenge hensikta bak ikkje er å vera stygg mot nokon andre. Diverre vil det alltid finst idiotar som vil andre vondt.