Hopp til innhold

– Noreg er moglegheitenes land

Ismaiel Alokozai var 18 år då han kom til Noreg som flyktning frå Afghanistan. Han var analfabet, og kunne knapt stave sitt eige namn. 10 år seinare blir han heidra som «Årets førebilete».

Ismael Alokozai

Gjennom fleire år har Ismaiel Alokozai jobba for å få flyktningar integrert i lokalsamfunnet. Måndag vart han kåra til «Årets førebilete» av Bufdir.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ismaiel står framfor tavla i eit lite klasserom på Rødberg i Nore og Uvdal. Elevane har vidt forskjellige historier og utgangspunkt.

Felles for dei alle er at dei er relativt ferske i Noreg, og fyrst og fremst jobbar med å lære seg det norske språket.

Ismael Alokozai er «Årets Forbilde»

Ismaiel Alokozai fekk pris og diplom måndag føremiddag.

Foto: Olav Thoen / Nore og Uvdal kommune

– Det er mykje ein må lære når ein kjem til eit nytt land. Når eg kom hit var alt nytt – samfunnet, språket og levemåten. Men eg brukar særleg mykje tid på dette med likestilling, og kor viktig det er i Noreg. At alle er like og må hjelpe kvarandre, seier Ismaiel.

Bidreg til integrering

Kvart år deler Bufdir ut prisen «Årets førebilete». Tittelen går til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer ein særleg innsats for barn og ungdom. I år er det Ismaiel som får denne prisen.

Han veit godt korleis det kjenst å stå der – heilt fersk, og utan å skjønne bæret av korkje språk eller kultur.

Ismael Alokozai er kåra til "Årets Førebilete" av Bufdir.

Til dagleg lærar Ismaiel bort samfunnskunnskap til elevar ved vaksenopplæringa i kommunen.

Sifatullah Khogiani og Ismael Alokozai er like gamle, og kjem båe frå Afghanistan. På Rødberg vart dei både naboar og kompisar.

Sifatullah Khogiani og Ismaiel Alokozai er like gamle, og kjem båe frå Afghanistan. På Rødberg vart dei både naboar og kompisar.

Ismael Alokozai

Gjennom fleire år har Ismaiel Alokozai jobba for å få flyktningar integrert i lokalsamfunnet. Måndag vart han kåra til «Årets førebilete» av Bufdir.

Inger Lise og Helge O. Gundersen står alltid klare på trappa når Ismael kjem på besøk. Denne gongen med norsk flagg - for å feire at han har vunne "Årets Førebilete".

Inger Lise og Helge O. Gundersen står alltid klare på trappa når Ismaiel kjem på besøk. Denne gongen med norsk flagg - for å feire at han har vunne «Årets førebilete».

Rødberg, Nore og Uvdal

Dei seinaste åra har Ismaiel jobba for å få flyktningar integrert i den vesle bygda Rødberg i Nore og Uvdal.

– Eg kunne ikkje to ord på korkje engelsk eller norsk. Men no har eg altså fagbrev og fast jobb i kommunen. Det har skjedd ei stor utvikling. Og det er det eg seier til elevane mine – at Noreg er moglegheitenes land.

Altmoglegmann

No jobbar Ismaiel i flyktningtenesta i Nore og Uvdal kommune, mellom anna som lærar. Her dreg han nytte av sine eigne erfaringar, og strekker seg langt for å hjelpe andre flyktningar inn i lokalsamfunnet.

– Han hjelper oss med alt. Frå å lære språket, til korleis me skal leve i Noreg. Han hjelper oss med leksene, viss det trengst. Han hjelper til når TV-en ikkje funkar. Eller viss me berre har spørsmål, seier Chance Gato (16).

Chance Gato (t.h.) er blant dei Ismael Alokozai har hjelpt gjennom jobben i flyktningtenesta i Nore og Uvdal.

Chance Gato (t.h.) er blant dei Ismaiel har hjelpt gjennom jobben i flyktningtenesta i Nore og Uvdal.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ismaiel ser ikkje slavisk på klokka. Han er ein altmoglegmann. Ein slik ein som både svarar på telefonen, og som kjem springande til unnsetning til alle døgnets tider.

– Eg har lært det heime, frå mor mi, at me må hjelpe kvarandre når det trengst. Me er alle menneske, uansett kva land me kjem ifrå. Og alle kan trenge hjelp, særleg når alt er ukjent, seier han.

Eit førebilete for alle

Måndag føremiddag vart han kåra til «Årets førebilete» av Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) over Teams. Med prisen følgjer også 50.000 kroner til eit føremål prisvinnaren vel sjølv. Ismaiel har valt å gje pengane til den lokale ungdomsklubben på Rødberg.

– Ismaiel er, og bør vera, eit førebilete for mange. Han er eit førebilete for meg og. Han følgjer tanken om at han har fått hjelp sjølv, og difor bør hjelpe andre. Viss me held på den tanken, så trur eg verda kan bli ein fredelegare plass for veldig mange, seier kompis og sambygding Sifatullah Khogiani.

F.v. Inger Lise og Helge O. Gundersen har vore fadderar for Ismael sidan han kom til Nore og Uvdal. Her feirar dei prisen med kaffi, kake og mimring heime på Norefjord, saman med Sifatullah Khogiani.

F.v. Inger Lise og Helge O. Gundersen har vore fadrar for Ismaiel sidan han kom til Nore og Uvdal. Her feirar dei prisen med kaffi, kake og mimring heime på Norefjord, saman med Sifatullah Khogiani.

Foto: Caroline Utti / NRK