Hyttekommunar vil ha ein bit av skatten

At hyttefolket har krav på dei same tenestene i hyttekommunen som heime, kostar pengar som kommunane ikkje har. No vil Nore og Uvdal ha meir av skatteinntektene, men Oslo seier nei.

Hyttefelt i Nore og Uvdal

Nore og Uvdal er ein av landets største hyttekommunar og har meir enn dobbelt så mange hytter som skattebetalarar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Eg skjønar veldig godt at folk vil ha hytte i Nore og Uvdal.

Ordførar Jan Gaute Bjerke står og ser utover Tunhovdfjorden, ramma inn av eit fjellandskap i sprakande haustfarger. Han har 4000 hytter i kommunen sin, meir enn dobbelt så mange hytter som skattebetalarar. Og fleire skal det bli.

– Me har plass til fleire hytter i kommunen vår og fritidsbebuarane er ressursar som me treng i Distrikts-Noreg framover, seier han.

Hyttebygginga går føre seg for fullt i heile landet. For små distriktskommunar har det vorte ei ny næring som gir liv og vekst. Men det har og ei bakside.

Hytte i Nore og Uvdal

Nore og Uvdal er den største kommunen i Viken.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ressurskrevjande

På kontoret til heimetenesta er lunsjpausen over. Hjelpepleiar Hanne Amundsen har vore på jobb sidan kl. 07:15 og har allereie rekt å hjelpe 12 pasientar rundt i kommunen.

Hjelpepleiar Hanne Amundsen (t.v.) på pauserommet i Nore og Uvdal

Hjelpepleiar Hanne Amundsen på pauserommet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Det blir mykje køyring. Nore og Uvdal er ein vid kommune, like stor som Vestfold i utstrekning. Og sjølv om store delar strekkjer seg langt inn på Hardangervidda, kan det fort gå ein time kvar veg, dersom ein skal hjelpe ein brukar på ei av hyttene.

At hyttefolket no tek til å nytte seg av kommunale tenester, merkast særleg i helgar og rundt høgtider. Toril Fjøslid er leiar for heimetenesta i kommunen. Ho bekreftar at det kan vera utfordrande å få bemanningskabalen til å gå opp.

Toril Fjøslid, leder for hjemmetjenesten Nore og Uvdal

Toril Fjøslid er leiar for heimetenesta i Nore og Uvdal.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det hender me må leie inn ekstra bemanning dersom det er tilreisande som krev mykje og me sjølve har dårlege brukarar.

– Lett å vera etterpåklok

Ordførar Bjerke fortel at tenesteapparatet i kommunen er rigga for dei rundt 2500 innbyggjarane, og då er det lite å gå på dei tidene på året der folketalet blir mangedobla.

– Burde de ikkje tenkt på dette før de sette i gang så omfattande hyttebygging?

– Det er lett å vera etterpåklok, men situasjonen er no slik i dag at me ikkje har ressursar til å gi hyttefolket dei tenestene dei har krav på.

Jan Gaute Bjerke, ordfører Nore og Uvdal

Jan Gaute Bjerke er ordførar i Nore og Uvdal i Viken.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ordføraren meiner løysinga er at heimkommunen til hytteeigar må dele skatteinntekta med hyttekommunen.

– Dette er ikkje snakk om nokon ekstra skatt, men den personskatten kvar innbyggjar i Noreg betalar i dag. Viss hyttekommunen får ein del av den, vil det vera med å sikre eit akseptabelt tenestetilbod som fritidsbebuar i kommunen.

Ikkje interessert i å dele

– Eg synest dette blir for snevert!

Byråd for finans i Oslo kommune, Einar Wilhelmsen, er ikkje interessert i å dele skatteinntektene med hyttekommunane. Mange av skattebetalarane i Oslo har hytte i andre kommunar, medan hovudstaden ikkje kan skilte med så mange fritidsbustader sjølv.

Byråd for finans i Oslo kommune, Einar Wilhelmsen

Einar Wilhelmsen (MDG) er byråd for finans i Oslo kommune.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Finansbyråden peikar på utfordringane storbykommunen har med sine tilreisande gjester.

– Det reiser ca. 170.000 menneske inn og ut av denne kommunen kvar dag berre for å jobbe.

Vidare nemner han alle turistar og ikkje minst krevjande rusmisbrukarane som trekkjer til hovudstaden frå heile landet.

– Alle desse kostar kommunal infrastruktur og kommunale tenester utan at me får kompensert for det.

Jobbar med konkret forslag

Wilhelmsen meiner at i ei tid med strammare kommuneøkonomi, er det viktigare å stå saman og finne andre løysingar, enn å flytte pengar mellom kommunane. Ordførar i fjellkommunen, Jan Gaute Bjerke står likevel for forslaget sitt og meiner det er ei rettferdig løysing.

– Så lenge folk oppheld seg på hytta i ein annan kommune, vil tjenestebehovet i heimkommunen bli tilsvarande mindre.

Han har no fått med seg Kongsbergregionen, som jobbar med eit konkret forslag som skal leggjast fram for sentrale styresmakter. Dei åtte kommunane i Kongsbergregionen har til saman 20.000 hytter og ønskjer å vera vertskap for ei prøveordning.

Kongsbergregionen skal samarbeide om hytteforslag
Grafikk: NRK