Små labbar spring fram og tilbake over golvet på hundeskulen Veiviseren i Ås.
Halane går mens dei tolv kvalpane leikar med kvarandre.
Desse kvalpane skal få ein viktig jobb når dei blir store: dei skal bli førarhundar og servicehundar.
Men fram til da treng dei ein plass å bu.
No søkjer hundeskulen etter fôrvertfamiliar som kan ha dei det neste året.
Dei nyfikne kvalpane var svært interessert i alt, også kameraet til NRKs fotograf.
Eit år med gratis kvalpekurs
Kvalpane er av rasen labrador og puddel. Dei er no mellom åtte og ti veker gamle.
Og jo da, det er litt jobb å ha ein førarhundkvalp. Men det er aller mest kjekt og givande, ifølge fôrvertsrådgiver Hanne Hofseth.
Fôrvertrådgjevar Hanne Hofseth er med på samlingane som blir arrangert blant anna i Oslo, Ski, Moss og Vestby.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK– Dei fleste syns det er supergivande. Mange tek ny kvalp etter dei har hatt sin første. Og det er eit år med gratis kvalpekurs, seier ho.
Fôrvertane treng nemleg ingen spesielle kunnskapar på førehand.
Hundeskulen gir tett oppfølging gjennom heile året.
Dei første fire vekene er dei travlaste. Etter det får fôrverten og hunden ein kvardag saman.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK– Det er samling kvar fjerde til sjette veke. Og skulle ein ha behov for meir har vi privattimar og heimebesøk, forklarar Hofseth.
For oppfølgingas skuld må fôrvertfamilien bu innan ein og ein halv timars køyring frå Ås, ha førarkort og tilgang til bil.
Puddelkvalpane er ti veker gamle.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKLabradorkvalpane er ei veke yngre.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKLitt jobb, mest kos
Hundeskulen ynskjer at alle skal lykkes. Det er jo ikkje berre-berre å oppdra ein kvalp til å klare seg ute i verda.
Og dei merkar at antalet søknadar har gått litt ned etter pandemien.
Fôrvertkoordinator Ellen Rødahl trur mange har fått ein meir hektisk kvardag.
– Men dei som prøver som prøver seier det ikkje var så krevjande likevel. At det var litt arbeid i starten, før dei fekk ein kvardag saman, seier Rødahl.
Og nokre ting er det ekstra viktig å trene på. For eksempel må kvalpane lære seg å gå fint i band, og dei får ikkje lov til å ligge i sofaen.
– Det er kvardagslydigheita det tek mest tid å trene på. Men det er eigentleg mest kos og gøy!
Og Hofseth forsikrar om at dei aller fleste klarar seg veldig godt.
Den ni veker gamle labradorkvalpen Butler er av dei som treng ein ny fôrvertfamilie det neste året.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKÅ vere fôrvert treng heller ikkje koste så mykje.
Veiviseren dekker alt av veterinær- og helseutgifter, forsikring og kennelopphald.
– Det einaste du betalar for er hundefôr og eventuelle leiker og anna du vil kjøpe sjølv, seier Hofseth.
«Det er dette eg har jobba for i eit år»
Men mange kvir seg fordi dei må levere hunden tilbake etter omtrent eit år.
– Men folk veit kva dei går til. Du er klar over det når du seier ja og tek med hunden heim. Du veit kva den skal bli seinare i livet, seier Hofseth.
For mange fôrvertar er det givande å vite at den jobben dei har gjort gjer at hunden kan gi hjelp til eit anna menneske.
Og du kan få møte den igjen.
Veiviseren leverer omtrent 80 kvalpar i året. 60 prosent av dei kjem gjennom nålauget etter testen.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKHunden kan kome til fôrvertfamilien i helgar og feriar. Og når den er ferdig trent, kan fôrverten møte den igjen - saman med den nye brukaren.
– Da går det ofte eit lite lys opp for dei, seier Rødahl, og fortsett:
«Det er dette eg har jobba for i eit år. Alt tisset inne var verdt det, for sjå kva hunden min får til for denne personen. Tenk kor mykje hunden eg har trent kan hjelpe eit anna menneske.»