Hopp til innhold

Fleire hotell riggar seg for storinnrykk i jula

Onsdag opna regjeringa for at ein kan invitere heim inntil ti gjester to gonger i jula. Men kva gjer ein dersom storfamilien framleis ikkje får plass?

Julefeiring på Storefjell Resort, Golsfjellet. F.v. Andreas Nibstad og Simen Nibstad.

Andreas og Simen Nibstad er vertskap når Storefjell Resort opnar for julefeiring for fyrste gong på 60 år.

Foto: Caroline Utti / NRK

Andreas og Simen Nibstad betraktar eit ferdigpynta juletre i resepsjonen på Storefjell Resort.

– Me skal ha inn fleire juletre etter kvart altså, seier Andreas.

– Kanskje me skal sette inn juletre på alle hotellromma òg, flirer Simen.

Dei to brørne er fjerde generasjons vertskap på det familiedrivne hotellet på Golsfjellet i Hallingdal.

Ei annleis jul

Vanlegvis held dei hotellet stengt fyrste del av juleveka. Men i år blir feiringa annleis for dei, som for mange andre.

For fyrste gong sidan 60-talet ynskjer dei julegjestene velkomne til fjells.

Julefeiring på Storefjell Resort, Golsfjellet.

Særleg fjellhotella melder om forsiktig optimisme inn mot sjølve julehøgtida, melder NHO Reiseliv.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Det har vore eit spesielt år, der me har hatt stengt i drygt fire-fem månader totalt. Difor fann me ut at me ville halde ope i jula - noko me ikkje har gjort på 60 år, seier Andreas Nibstad.

– Korleis blir det?

– Dette er jo på ein måte heimen vår, sidan me også bur her sjølv. Så det å kunne ynskje folk velkomne til jul - det synest me er triveleg.

Plan B

Så langt ser førjulstida langt dårlegare ut enn vanleg for reiselivsbedrifter landet over. Samtidig ser sjølve julehøgtida likevel lovande ut for nokre av medlemsbedriftene til NHO Reiseliv.

NRK har vore i kontakt med fleire hotell som melder om gode bookingtal for jul- og nyttårsfeiring.

– I perioden 24. desember til 3. januar ventar me å ha fullt hus dei fleste dagar, seier Sjur Aalvik, direktør på Norefjell Ski og Spa.

På Røros Hotell har julefeiring vorte tradisjon dei seinaste åra. Tradisjonen fortsett også i år, med både små og store familiar på gjestelista.

Merete Habberstad

Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollerman / Per Sollerman

– På landsbasis er det mange reiselivsbedrifter som har det veldig tøft. Men akkurat når det gjeld fjellhotella, så får me forsiktige signal om at enkelte faktisk opplever eit lite rush av folk som vil feire jul til fjells, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Folk i gang med plan B og C til jul, og mange frykter det verste

Julefeiring på hotell ser nemleg ut til å bli løysinga for fleire storfamiliar i år. På hotell kan gjestene nemleg vera samla i grupper på inntil 20 personar.

– Det å feire hotelljul der ein har meir plass og kan vera mykje ute saman kan vera ein god måte å løyse utfordringa på. Då får ein sett dei ein er glad i og vore saman på tvers av generasjonar, seier Habberstad.

Julefeiring på Storefjell Resort, Golsfjellet. F.v. Simen Nibstad og Andreas Nibstad.

Simen og Andreas Nibstad gler seg til å ynskje hotellgjestene velkomne 23. desember.

Foto: Caroline Utti / NRK

Gler seg til juleferie

Andreas Tøsse og familien er blant dei som har planar om hotelljul i år. Med totalt 15 hovud rundt bordet, blir det nemleg vanskeleg å samle heile flokken til julefeiring heime i Bergen.

Andreas Tøsse

Andreas Tøsse samlar storfamilien på hotell i jula.

Foto: Privat

– Me fann ut at hotell var eit veldig godt alternativ for å få feira jul saman. Det blir også lettare å følgje avstandsreglane der, enn i ei trong stove, seier Tøsse. – Og så er det jo sjølvsagt fantastisk å kunne feire jul, og kome til duk og dekka bord, legg han til.

23. desember flyttar tre generasjonar Tøsse inn på Storefjell Resort.

– Det blir dessutan godt å kome seg litt bort på juleferie, etter å ha sitte inne og stura på heimekontor i lange tider.

Julefeiring på Storefjell Resort, Golsfjellet.

Spisesalen på Storefjell Resort står klar til storinnrykk.

Foto: Caroline Utti / NRK