Hopp til innhold

Her blir den skrantesjuke villreinen undersøkt

Veterinærane meiner dette gjev eit unikt høve til å læra meir om den dødelege sjukdomen.

Skrantesjuk villrein hjå Veterinærinstituttet

Hjå Veterinærinstituttet er forskarane godt kledd for oppgåva når dei obduserer den sjuke villreinen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det å få inn eit heilt dyr som akkurat har blitt avliva har kjempestor verdi. Det vil gje oss svært ny og verdifull kunnskap om skrantesjuke under norske forhold, seier skrantesjuke-koordinator Jørn Våge.

I vinter blei ei gruppa villrein merka med GPS-sendarar i Nordfjella villreinområde. Frå alle desse dyra blei det tatt prøver frå endetarmen, og frå desse prøva fant forskarar hjå Veterinærinstituttet skrantesjuke.

– Me tek hovudsakeleg prøvar for å påvisa smittestoffet i skrantesjuke hjå villreinen. Me går gjennom dyret og tek mykje prøver frå ulike organ, seier Våge.

Bukken blei bedøvt, og det blei tatt blod- og vevsprøver av medan den framleis var i live i Nordfjella. Etterpå blei dyret avliva og floge til Oslo. I dag har veterinærane på Veterinærinstituttet i Oslo obdusert villreinen.

Skrantesjuk villrein undersøkt hjå Veterinærinstituttet

Sjukdommen smittar ikkje til menneske, men det er viktig å vera godt kledd for undersøkinga slik at ikkje andre dyr blir smitta.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Mistanke om fleire smitta villrein

Skrantesjuke blant fleire villrein fører til at heile flokken på over 2000 dyr i Nordfjella må slaktast. Skrantesjuke-koordinator Jørn Våge er difor ikkje overraska over at dei no har påvist eit nytt tilfelle av sjukdomen.

– Me har henta ut tre villrein med skrantesjuke tidlegare frå Nordfjella, så me ventar at det er fleire dyr som er smitta. Me har ei forventing om at det er ei viss førekomst av meir smitte i flokken, seier Våge.

Gjev betre kunnskap om skrantesjuke

Skrantesyke-koordinator Jørn Våge på Veterinærinstituttet

Skrantesjuke-koordinator Jørn Våge hjå Veterinærinstituttet.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

– Det er no snakk om eitt dyr, så me vil ikkje trekka for store konklusjonar. Men dei funna me gjer no vil vera veldig viktig fordi me har ikkje noko anna tilsvarande kunnskap om dette frå før, seier skrantesjuke-koordinatoren.

Alle dyra i villreinstamma skal bli tatt prøvar av, men det må hovudsakeleg gjerast ute i felt.