Hopp til innhold

– Gjorde det stovereint å synge på dialekt

DRAMMEN (NRK): Da Hellbillies starta som band tok dei ein stor sjanse som få hadde gjort før dei. 30 år etter meiner musikkekspert at valet dei tok er ein stor del av suksessformelen.

Hellbillies snart 30 år

Hellbillies reiser ut på jubileumsturne i 2020. Dei skal spele 34 konsertar frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Det var starten av 1990-talet og den store draumen var å gje ut kassett. Namnet Hellbillies var på plass, det gamle «Kådnbandet» var skifta ut. Dei valde å gjere noko nærmast ingen i musikkbransjen gjorde på den tida.

«Ingen» song på dialekt på den tida

Klar - ferdig - jobb 4:10 KLAR - FERDIG - GÅ

Vokalist Aslag Haugen frå ein opptreden på NRK i starten av karrieren tidleg på 90-talet.

Foto: Videograbbet / NRK

Dei skreiv tekstar på dialekt.

Det ville bli rart eit tekstmateriale på ei anna dialekt. Det er hallingdialekten me kan. Det som er spesielt er at me var dei fyrste som brukte hallingdialekten slik som me gjer, seier frontfigur Aslag Haugen.

Dei var ikkje berre fyrst ute med å synge på si eiga dialekt. Det var få som song populærmusikk på norsk og på dialekt på den tida. Iallfall i sjangeren Hellbillies gjekk inn i, fortel musikkjournalist i VG, Stein Østbø.

– Hellbillies har aldri hatt harrystempel

– Ein skulle synge på engelsk, så dei tok ein stor sjanse ved å synge på dialekt. Men dei var eit føregangsband og gjorde det stovereint. Det skulle vise seg å vere ein vinnarformel, seier Østbø som har fylgd bandet tett sidan 90-talet.

Han meiner det er få band her til lands som har ein like sterk status etter å ha halde på i snart 30 år.

– Hellbillies har ein av dei sterkaste signaturane i norsk musikkliv. Dei har hatt eit imponerande høgt nivå heilt frå starten og er framleis veldig populære. Dei har også skapt ein skule for andre band som har kome etter i skiljelinja mellom country og danseband, og har definitivt aldri hatt eit harry-stempel, meiner Østbø.

Hellbillies lagar promo til jubileumsturneen sin.

Hellbillies spelar ein av sine aller mest kjente songar «Den finaste eg veit» på øving til jubileumsturneen i Drammens Teater. Der startar også turneen i februar neste år.

Sjølv har dei aldri angra på sjansen dei tok ved å synge på eige morsmål og dialekt.

– Viss du fyrst treff med å synge på norsk, får du kanskje enda litt meir igjen for det, seier vokalist Haugen.

Øving Hellbillies

Dagens medlemmer av bandet er Aslag Haugen, Lars Håvard Haugen, Bjørn Gunnar Sando, Lars Christian Narum og Egil Stemkens. Tidlegare var Arne Henry Sandum og Arne Moslåtten med.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Lang jubileumsturne i 2020

Etter 15 album og fleire songar som nærmast er som nasjonalarv å rekne, reiser dei ut på jubileumsturne i 2020. Ganske så langt ifrå målet dei ein gong sette seg.

– Målet var å kome oss ut av Hallingdal og kanskje få spele konsert i Valdres, flirer Lars Håvard Haugen.

Samstundes innrømmer dei at dei er eit ganske anna band nå, enn dei som drøymde om å gje ut kassett på 90-talet.

– Me har nok endra oss ganske kraftig. Det er mange som ikkje tenkjer at det er det same bandet frå den fyrste plata til den siste, seier Bjørn Gunnar Sando, som i tillegg til brørne Aslag og Lars Håvard Haugen er igjen frå originalbesetninga.

– Me har vel blitt ganske så mykje kvassare i kantane, og blir meir rockete jo eldre me blir.