Hopp til innhold

«Nye Bjørgen» (17) vil ikkje bli skjerma: – Må få bryne seg mot dei beste

HOKKSUND/RUKA (NRK): Landslagsleiinga vil ikkje sleppe supertalentet som blir omtalt som den nye Bjørgen til i verdscupen. Helene Marie Fossesholm trur ho blir betre om ho får gå verdscup.

Nasjonal åpning langrenn på Beitostølen.

TV2-ekspert Petter Skinstad kalla 17-år gamle Helene Marie Fossesholm den nye Bjørgen etter sesongopninga på Beitostølen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Klart eg tenkjer på verdscup. Det har ligge i bakhovudet heile tida.

Ho er berre 17 år og er junior heilt til 2021. Å gå verdscuprenn mot verdas beste skal eigentleg vere litt fjernt.

– Går betre enn Bjørgen som 17-åring

Men Helene Marie Fossesholm er langt ifrå ei vanleg juniorjente på ski. I juniorklassa vann ho i fjor alt som var å vinne, stort sett med over minuttet ned til andreplass. I tillegg slo ho alle dei to og tre år eldre konkurrentane i klassene over, mellom anna over to år eldre Kristine Stavås Skistad på distanserenn.

På Beitostølen sist helg tok ho ein sterk 5.-plass på 10 kilometer fri. Sist vinter blei ho som 16-åring nummer 11 i senior-NM med alle dei beste på start.

Langrennsekspert Torgeir Bjørn, meiner det absolutt er mogleg å samanlikne ho med Bjørgen, sjølv om det er langt til toppen.

– Helene har mange likskapstrekk som Marit. Ho går like kraftfullt, er tøff i hovudet og er reflektert. Teknisk går ho faktisk betre enn det Marit gjorde som 17-åring, skryt Bjørn og legg til.

– Ho har vist oppsiktsvekkande resultat.

Helene Marie Fossesholm på skulen

17-åringen valde i fjor å begynne på ein heilt vanleg vidaregåande skule med realfag, og droppa skigymnas. Mellom anna på grunn av at Helene drøymer om å studere medisin ved sidan av langrennssatsinga.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Får ikkje gå verdscup

Sjølv om ho kanskje er det største talentet i norsk kvinnelangrenn sidan Heidi Weng vil landslagssleiinga nødig sleppe ho til i verdscupen i vinter.

– Nei, det er ikkje aktuelt for yngre juniorar som ho. Det har me vore kategoriske. Det er ikkje aktuelt å konkurrere internasjonalt for Noreg før ein har delteke i junior-VM, seier landslagssjef Vidar Løfshus.

Trening langrenn Beitostølen

Landslagssjef Vidar Løfshus seier dei har hatt god erfaring med å sleppe juniorar til, men ikkje før dei er eldre junior, som for Fossesholms del er til neste år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sjølv om Fossesholm kjem heim frå junior-VM med medaljar i vinter, må ho sannsynlegvis vente til neste sesong får å prøve seg mot verdas beste.

– Ein må opp i eldre juniorklasse skal det vere aktuelt, seier Løfshus.

Johaug 2007

Therese Johaug tok VM-bronse i Sapporo på 30 kilometer som 18-åring og junior i 2007.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Like stort talent på sykkel

Sjølv meiner jenta frå Vestfossen i Buskerud ho ikkje blir påverka av å bli omtalt som eit supertalent.

– Eg tenkjer jo litt på det når det står mykje i media og sånn. Men eg føler eg klarer å legge det vekk og føler ikkje noko press. Det påverkar meg ikkje noko særleg.

– Treng du å bli skjerma?

– Det er vanskeleg å seie. Det er jo viktig at det ikkje blir for mykje i ung alder. Samtidig må ein få lov til å bryne seg mot dei som er betre også, det er jo sånn ein blir betre og utviklar seg.

Fossesholm er ikkje berre eit stortalent på ski. Framleis satsar Vestfossen-jenta like mykje på terrengsykkel om sommaren. Det store målet er junior-VM i Canada neste haust.

– Eg har ikkje tatt eit val enda, og det gir meg mykje motivasjon å kunne satse på terrengsykkel om sommaren. Det er viktig å ha hårete mål og eg trur eg kan nå toppen i begge idrettar.

Helene Marie Fossesholm på skulen

Målet langt der framme er OL i Beijing i 2022. Da er Helene 20 år og trur det er realistisk og kjempe i toppen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Junior-VM er det største målet

Om det ikkje blir plass i troppen til verdscupen på Lillehammer til helga, håpar jenta som er yngst på juniorlandslaget at sjansen dukkar opp i løpet av sesongen.

Junior-VM er det største målet, men eg håpar eg kan få sjansen på nasjonal kvote i år. Men eg må berre ha fokus på kva eg kan gjere for å bli betre, så får skiforbundet ta seg av det.