Hopp til innhold

Hans Kristian køyrer pizzaomn med 150 hestekrefter

No byr han på pizza, prat og kaffi langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

– Eg veit at mange har slite i det siste, mellom anna på grunn av pandemi og økonomi. Det gjer ofte at ein blir meir introvert og held seg inne, seier Hans Kristian Jørgensen.

No brukar han si eiga 40-årskrise til å prøve å motivere folk opp frå sofaen, og ut i naturen.

Krisepakke

Det luktar polish og entusiasme i garasjen på Gulskogen i Drammen.

Veggane er fulle av verktøy, nips og utstyr. På golvet står to motorsyklar. Familiebilen står i eksil utanfor.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Det er hard kamp om plassen i garasjen hjå familien Jørgensen.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Garasjar er ikkje for bilar, meiner eg. Dei har jo varmeapparat og slikt, og kan stå ute, seier Hans Kristian Jørgensen med eit lurt smil.

Jørgensen gjer ein av syklane klar for langtur. Kart og solkrem får plass i den eine sideveska. Ei potte med timian i den andre.

– Det er to ting ein treng når ein hamnar i 40-årskrisa – motorsykkel og pizzaomn. Kvifor ikkje slå det saman i éi pakke, tenkte eg.

Og slik fekk ein av motorsyklane skreddarsydd bagasjebrett med plass til omn.

Køyrer Drammen-Nordkapp

Til dagleg er Jørgensen innsatsleiar i ambulansetenesta i Oslo og Akershus. Opp gjennom åra har han kome tett på livet, på godt og vondt.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Hans Kristian Jørgensen har mange år i ambulansetenesta bak seg, mellom anna på motorsykkelambulansen i Oslo.

Foto: Caroline Utti / NRK

Sjølv er han glad i å bruke naturen som pusterom, og vil gjerne motivere andre til å gjera det same.

Instagram fortel han om turar og opplevingar til følgjarane sine, alltid med fokus på mental helse.

– Det er mykje god helse i å berre kome seg over dørstokken. Eg er ikkje så opptatt av kor mange fjelltoppar ein er på, eller kor langt ein går. Det viktigaste er å kome seg ut og gjera noko.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

I sommarhalvåret brukar Jørgensen helst motorsykkelen på både korte og lange turar.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Så fort han finn ein plass å stoppe, tek det berre nokre minutt før pizzaomnen er rigga opp og klar.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Med seg i bagasjen har han ferdige deigar, fyll og heimelaga pizzasaus.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

– Eg held det helst så enkelt, men godt, som mogleg.

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Lukta av nysteikt pizza spreier seg fort. Då er korkje folk eller fuglar vonde å be.

Pizza på Europas nordlegaste punkt

Dei neste to vekene skal Jørgensen servere samtalar og smelta ost langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

– Eg fann ut at viss eg la opp ei fin rute, der eg kan møte folk langs vegen, så ville det bli lagt merke til. Folk vil truleg kome bort når dei ser ein motorsykkel med pizzaomn på, og særleg viss dei ser ein mann med skjegg og tatoveringar som står og lagar pizza.

Nokre av møteplassane er avtalt på førehand.

Kartet viser nokre av plassane Jørgensen skal besøke.

Mellom anna skal han møte kring 250 mopedentusiastar på Lillehammer, folk frå Mental helse på Helgelandskysten og ambulansearbeidarar på Senja.

– Elles blir det mange stopp der følgjarane kan møte meg langs vegen. Då er det berre å kome bort for ein kaffi eller pizza og ein prat.

Les også: Tre enkle grep kan bedre den psykiske helsen din

Hans Kristian Jørgensen har montert pizzaomn på motorsykkelen. Skal servere pizza langs vegen frå Drammen til Nordkapp.

Hans Kristian skal servere pizza og samtalar heile vegen frå Drammen til Nordkapp.

Foto: Caroline Utti / NRK

Endepunktet for reisa er sjølvsagt Europas nordlegaste punkt – Nordkapplatået.

– Eg skal stå der og lage ein pizza framfor globusen. Det er målet. Og då veit eg at eg er halvvegs, seier Jørgensen.

– For du skal vel heim att òg?

– Ja, men då er det berre nedoverbakkar.

Flere nyheter fra NRK Buskerud