Annonsar, faste spalter, alle artiklar på nett – ja, alt er skrive på halling denne torsdagen.
I ferd med å døy
«Kjinnil-guten: Ingen veg heimatt», «Morskesnikker'n» og «Ekta heimeværande kjæringa frå Potomac». Holden les frå film- og TV-programmet i Hallingdølen. Normalt kjem avisa på nynorsk, men i dag er absolutt alt omset til halling. Kvifor, spør du?
– Me ærklerte hallingmålet for døyande for nokon vekar sidan basert på ei spørjeundersøking. Så har det skapt mykje meir engasjement og debatt enn me trudde. Det måtte me følgje opp og fann ut at me ville setja punktum med eit smell, seier Holden.
Redaktøren er sjølv frå Ålen i Trøndelag og vart sjølv inspirert til å ta tilbake att dialekta si.
Foto: Caroline Utti / NRKResultatet vart altså denne avisa. Noko vanskeleg for ein redaktør som eigentleg er frå Ålen i Trøndelag og ikkje pratar hallingdialekt.
– Eg pratar ikkje ein gong dialekt sjølv. Så eg har gått i same fella då eg flytta, dialekta vart vatna ut. Så eg har fått eit personleg prosjekt no, eg vart inspirert og skal ta opp att mi eiga dialekt. Det håpar eg fleire hallingar også gjer.
God hjelp
Holden har hatt god støtte frå kollega Olav Johannes Bøthun frå Gol. Han har prata dialekt så lenge han kan hugse.
Bøthun har ikkje tenkt så mykje over kvifor det vart slik. Dialekta har liksom berre vore der, som ein følgjesvein heile livet. Me let han svare på halling i dag:
Kollega og goling Olav Johannes Bøthun jobbar på desken i Hallingdølen. Han har vore til god hjelp for redaktør Holden.
Foto: Caroline Utti / NRK– Te og med på 70-talet i Gol vart det bokmålspress ganske tidle. Nokon bynda å bryte på bokmål, andre tå uss heldt på halling utta at me tenkte over det.
At så mange vel bort dialekta, synest han er stussleg.
– På eit punkt i livet gjer dei eit val om å gå burt frå talemålet der dei kjem frå. Og ko slags mekanisma som gjer at det skjer, er vanskele å vera herre over. E trur at dei som bestemme se for at måten ein prata på e ein del tå identiteten sin, vil nok halde på målet sitt. E synest det e trist at følk vel bort dialekta.
– Trur du at dialekta kjem til å forsvinne heilt?
– Ja, detta æ ein naturle utvikling. På sikt trur e det blir veldig forandra. Hadde oldefar høyrt koss e prata no, hadde han rista på huvu. Og goffa va og ute ette uss førdi me ikkji snakka skikkele halling. Me rota me de og dikko, det va mykji feil.
Mykje engasjement
Han håpar likevel at utviklinga kan bli bremsa. Om ikkje anna har avisa klart å skape mykje engasjement. Til og med dei seks ordførarane i Hallingdal har teke hallingdialekten på alvor og lyfta saka opp politisk.
– Me håper me aukar vissa rundt bruk av hallingmålet og at fleire aktørar kan bruke det og lyfte det, seier Holden.
– Blir det fleire aviser på dialekt framover?
– Eh, nei. Det var ein eingongshending, ler Holden.
NRK opplyser: Den eine journalisten som har laga denne saka er i permisjon frå Hallingdølen. Den andre journalisten har jobba der før, men er no fast tilsett i NRK.