Hopp til innhold

Gutta sprenger skulens matbudsjett: – Vanleg med 25 brødskiver på ein dag

ROLLAG (NRK): På Idrettskolen Numedal folkehøgskole et elevane så mykje at matbudsjettet er sprengt med over 120.000 kroner. Årsaka er ein heilt spesiell kjønnsbalanse.

Mat på Numedal fhs

Marius Hoff Hansen og Sivert Nordblom Bergfall går på linja «Movement» og treng å fylle godt på med mat mellom treningsøktene.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Det går gjerne unna med 25 brødskiver om dagen, 3–4 bananar og gjerne tre porsjonar middag, gliser Einar Schmidt Fodstad.

Han startar med å smørje seg fire brødskiver med dobbel-skinke til lunsj. Einar innrømmer at han er sterkt delaktig i budsjettsprekken til folkehøgskulen, som Laagendalsposten omtalte fyrst.

Folkehøgskulen i Rollag ein time frå Kongsberg har aldri hatt så mange gutar som i år og det merkast på budsjettet.

Markus har rekorden med 14 brødskiver

Markus Aslaksen går på linja Fitness og trenar fleire gonger om dagen med klassa. Da trengst det påfyll i lunsjen.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Dobbelt så mange gutar

Tradisjonelt har dei som dei fleste andre folkehøgskular hatt fleire jenter enn gutar i elevflokken.

Da dei i haust plutseleg fekk dobbelt så mange gutar som tidlegare, klarte ikkje rektor å forstå kor mykje mat idrettsgutar treng.

– Me har rett og slett brukt for mykje pengar på mat. Me er ein idrettsskule med mykje aktivitet og elevar som treng mykje næring. Eg må nok ta litt sjølvkritikk også, eg hadde aldri forventa at me skulle få så mange gutar, seier rektor Sølvi Pettersen som nå har ein elevflokk der to tredelar er gutar.

Rektor

Sølvi Pettersen har jobba på folkehøgskulen i Rollag i Buskerud i 38 år. Aldri har ho opplevd eit elevkull med så mange gutar.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

30 brød om dagen og rundt 70 fleire brød i veka enn i fjor er ein god grunn til det.

Mykje aktivitet – mykje mat

Rundt borda i matsalen er gutane samla til dagens andre måltid med store stablar med brødskiver på tallerkenane.

– Me er veldig svoltne og er i mykje aktivitet mellom frukost og lunsj. Da blir det mykje mat, seier Markus Aslaksen som meiner han har ein gjev skulerekord.

Folksomt med guttar ved matbordet

64 av dei 96 elevane ved Idrettskolen Numedal folkehøgskole er i år gutar. Skulen er ein reindyrka idrettfolkehøgskule og har vanlegvis fleire gutar enn andre folkehøgskular, men så mange har dei aldri hatt.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Eg åt 14 brødskiver på ein halvtime – det er skulerekorden på eit måltid, gliser han og resten av bordet er einige om at dei nok har eti skulen ut av huset.

– I dag et eg seks skiver og det er jo eigentleg ein roleg dag. Åtte brødskiver, fire med leverpostei og fire med honning er heilt vanleg. Og havregraut ved sidan av, seier Johannes Bjørang.

Kjøkkensjef med tallerk for fhs-gutten og fhs-jenta

Kjøkkensjef Elin Orsland viser korleis ein gjennomsnittstallerken for ei jente og ein gut er på folkehøgskulen. To skiver for jentene og seks skiver for gutane.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK
Folkehøgskole

Det går rundt 10 brød meir om dagen i år enn det har gjort tidlegare år.

– Ein trend i tida

Rektor er glad for den nye kjønnsfordelinga på skulen og trur dei må rekne med større matbudsjett i åra framover.

– Det er ein trend i tida at fleire gutar går på folkehøgskule. For oss som idrettsfolkehøgskule merkar me at fleire idrettsinteresserte jenter heller går inn i militære. Så dette må me tenkje på når me sett opp matbudsjettet framover, seier Pettersen

For elevane skal ikkje trenge å kutte ned på brødskivene.

– På ingen måte, dette skal me ta inn på andre måtar. Det blir ikkje nokre innsparingar på maten, smiler rektor.