Frå og med 21. juni og gjennom sommarferien kan vaksne ta med inntil fire barn under 18 år gratis på kollektivtransport i Oslo. Det gjeld både T-bane, trikk, buss og båt i hovudstaden.
Det vart klart etter at byrådet utvida familierabatten torsdag. Fram til no har barn reist gratis i helgane, og etter klokka 18 på kvardagane.
Samferdselsbyråd Sirin Stav (MDG) håpar det kan gjere sommaren enklare for osloborgarane.
– Det er godt nytt for alle barnefamiliar i ei tid der alt blir dyrare. Det er også godt nytt for alle som besøkjer Oslo, som lettare kan komme seg ut til strender og nyte kulturtilbodet i byen, seier Stav.
Samferdselsbyråd Sirin Stav (MDG) seier rabattordninga er godt nytt i ei tid med aukande prisar.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRKDen nye ordninga gjeld berre i Oslo. Ordninga med gratisbillett for barn i helgar og på kveld gjeld derimot i heile området til Ruter.
Eitt år forsinka
Familierabatten har ei lang og brokete forhistorie.
Vaksne har kunne ta med seg inntil fire barn gratis i helgane i fleire år. I revidert Oslo-budsjett i fjor vedtok fleirtalet at tilbodet skulle gjelde heile tida. Håpet var å få rabatten på plass før sommaren 2022.
Men gratisbillettane lét vente på seg. Forklaringa til byrådet var at det tok tid å samkøyre ordninga med Vy og Viken, slik at det kunne gjelde i heile Ruters område.
Eitt år forsinka blir rabatten endeleg innført også på dagtid i ein periode. Men utvidinga gjeld berre i sone 1, altså i Oslo og deler av Bærum.
Det er bare i sone 1 den nye billettordningen gjelder i sommer.
Foto: Thomas Brun / NTB