Hydrolog Ingeborg Kleivan Krøgli i NVE seier det ikkje vil kome som eit sjokk om det storflaum i Buskerud i løpet av månaden.
– Vi må følgje situasjonen nøye framover, saman med meteorologane. Prognosane for temperatur og nedbør blir viktige, seier ho.
Sterk varme i kombinasjon med nedbør er det mest ugunstige.
– Men sjølv berre ein varm dag kan skape større vassmengder enn vanleg for denne årstida, fortel Krøgli.
Vassmagasina tek normalt unna
Damvaktar Jon Magnar Nestagard konstaterer at det er viktig å følgje med på både temperaturar og nedbør framover.
Foto: Gunnar Grimstveit / NRKJon Magnar Nestegard har vore damvaktar i nesten ein mannsalder i fjella i Hallingdal. Han har sjeldan sett ein så sein vår og så mykje snø i fjellet i juni månad. Det var heller ikkje vanskeleg å finne ei snøfonn å rusle i då me trefte Nestegard ved Slakteplassen i Bergsjøområdet i Ål i Hallingdal.
– Det er uvanleg mykje snø til å vere på denne tida. Kjem regnet i tillegg så kan det bli mykje vatn. Det har vore vestavêr i år. Magasina vil nok ta unna mykje av flaumvatnet, og det har berga oss mang ein gong før.
Men dersom temperaturane stig raskt samstundes som sommarregnet kjem tør korkje hydrologen eller den erfarne damvaktaren spå utfallet.
– Det gjeld å førebu seg og halde avrenningskanalar og kummar opne framover, seier Nestegard.