Hopp til innhold

To alvorleg skadd etter gasslekkasje på fabrikk

Fleire er sendt til sjukehus etter ei gasslekkasje ved Mills i Holmestrandveien i Drammen. To er alvorleg skadd.

Nødetater på plass ved Mills fabrikk i Drammen etter en gasslekkasje.

GASSLEKKASJE: Fleire får helsehjelp etter gasslekkasje.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

– Åtte personar er sendt til sjukehus. To av desse er alvorleg skadd, seier Hege Frostad Dahle, leiar for kommunikasjonsavdelinga til Vestre Viken HF, til NRK.

Pasientane blir behandla på medisinsk og intensiv avdeling, bekreftar Dahle.

Rett før klokka 13 i dag fekk naudetatar melding om ei gasslekkasje ved Millsfabrikken i Drammen.

Ifølge Hege Frostad Dahle ved Vestre Viken HF dreier det seg om klor.

– Det er sjølvsagt alvorleg. Kor alvorlege skadd de forskjellige pasientane er, det kan eg ikkje gå i detalj på, seier Dahle.

Etterforskar vidare på fredag

Klokka 21.30 avsluttar politiets krimteknikare på staden. Dei meldar at det vil bli gjennomført avhøyr og vidare etterforsking på fredag.

Verken politiet eller Vestre Viken HF har nokon oppdatering på situasjonen til dei skadde. Politiet meldar at det ikkje er meldt om andre skadde.

Åtte personar til sjukehus

I 13-tida fortel operasjonsleiar ved Sør-Øst politidistrikt, Øyvind Hammervold at alle naudetatar er på staden og at fleire tilsette ved fabrikken er sendt til sjukehus.

– Me fekk beskjed om fleire tilsette med pustebry. Det er totalt åtte personar som er sendt til sjukehuset for undersøking.

Hammervold seier at dei tidlegare bad folk halde seg inne og lukke vindauga.
Dette er no ikkje nødvendig lenger.

Ambulansemedarbeidere i Drammen hjelper etter gasslekkasjen.

Alle naudetatar har rykka ut til Holmestrandveien i Drammen.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Skaffar seg oversikt

Brannvesenet jobbar no med å skaffe seg ei oversikt over fabrikken slik at dei kan gjennomføre ei gassmåling, for å forsikre seg om at lekkasjen er stoppa.

– Me har ikkje fått ei 100 prosent avklaring på kva type gass det er. Ein type klorgass er nemnd, men dette er me som sagt ikkje heilt sikre på, seier Hammervold til NRK i 15-tida.

Kjemikaliedykkere

akuttmottak, drammen

Åtte personar er frakta til sjukehus etter gasslekkasjen.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Det skal ikkje vera noko fare for folk i området eller andre tilsette no, og operasjonsleiaren trur ikkje det skal ha skjedd noko straffbart.

– Dette har vore i forbindelse med ei arbeidsulukke, og me kjem til å etterforske saka for å vera heilt sikre, seier operasjonsleiar ved Sør-Øst politidistrikt, Øyvind Hammervold.

Brannvesenets innsatsleiar Henrik Trømborg seier til NRK i 15.10-tida at brannvesenet er på staden med kjemikaliedykkere.

Etter det kan politiet begynne med åstedsundersøking.