Hopp til innhold

Fylkesgrensa lagar trøbbel for sauebønder

Då Hadeland vart delt mellom Viken og Innlandet, vart det meir komplisert å vera sauebonde. Eit strengt regelverk gjer det enklare å køyre tjue mil for å kjøpe avlsdyr, enn å handle i nabobygda.

Vær på frierføtter

Denne avlsvêren har reist mange mil.

Foto: Tordis Gauteplass / Tordis Gauteplass

For å ha ei frisk og god sauestamme, kjøper bonde Jan Briskeby kvart år nye avlsdyr. Det er bra å få inn nytt blod i flokken.

Jan Briskeby

Jan Briskeby meiner det kostar for mykje tid og pengar

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Briskeby driv gardsbruk i Lunner, rett ved grensa til Gran kommune. Det har alltid vore eit godt samarbeid mellom sauebøndene på Hadeland.

– Gjennom Hadeland sau og geit har me hatt felles kåring av vêrlam og handla hanndyr av kvarandre over kommunegrensene, seier Briskeby.

Det er det no slutt på etter at kommunane vart splitta i samband med fylkesreforma 2020. Jevnaker og Lunner hamna i Viken, mens Gran vart ein del av Innlandet.

Må køyre fleire mil

Fylkesgrensa mellom Viken og Innlandet

Problemet starta då Lunner og Jevnaker hamna i Viken, mens Gran vart ein del av Innlandet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Fylkesgrensa går berre nokre hundre meter frå gardsbruket til Jan Briskeby. Men skal ein flytte hanndyr av sau mellom fylke, må ein ha både eigenmelding og veterinærattest.

Avdelingssjef Astri Ham i Mattilsynet fortel at det er fleire kriterium som må oppfyllast hjå avsendar og mottakar av vêrar. Mellom anna må det takast blodprøver.

– Det er ein stor arbeidsoperasjon og kostar pengar. Så det er vel eigentleg heilt uaktuelt, svarar lunnerbonden.

Farga spælsau fra Nesbyen

Bonde Jan Briskeby køyrde femten mil til Nesbyen for å handle denne vêren.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Det er enklare å køyre nokre mil for å hente vêr, enn den papirmølla og det arbeidet det blir å dra over til naboen, forklarar Briskeby.

No har det vorte lange køyreturar rundt i heimfylket Viken for å handle avlsdyr. Sju mil til Vikersund, åtte til Krøderen og femten mil til Nesbyen. Før kunne han handle i nabobygda.

Gran kommune ligg eit steinkast unna, men det er billigare og enklare for bonden å reise til Vikersund, Krøderen eller Nesbyen.

Må halde kontroll på sjukdommar

Astri Ham i Mattilsynet forstår at lovverket kan opplevast som tungvint. Ho understrekar at det ikkje er laga for å gjera det vanskeleg for seljar og kjøpar, men for å halde kontroll med smittsame sjukdommar. I mange tilfelle kan det vera smittevernmessig sikrare å hente hanndyr frå ein besetning langt unna enn frå nærområdet.

Astri Ham, avdelingssjef i Mattilsynet, region Øst

Astri Ham er avdelingssjef i Mattilsynet for Nordre Buskerud, Hadeland og Valdres.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Fotròte og mædi er omfattande sjukdommar. Dei kjem snikande, og eit dyr kan vera smittsam i mange år før ein ser symptom, seier ho.

Hadelandsbonden er også redd for å få sjukdom på sine sauer. Han meiner at det er større risiko for smitte når ein hentar dyr frå eit område som ligg langt unna, sjølv om det høyrer til same fylke.

Trur du ikkje det er tryggare å hente ein ver frå Nesbyen enn frå Gran?

Nei, det trur eg ikkje! Me bønder er vant til å bruke sunn fornuft. Dette er ikkje det, seier Briskeby.

Sauefjøs Lunner
Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Kan beite på tvers av fylkesgrensa

Etter lamminga om våren har saueflokken vokse til 800–900 dyr. Dei beiter i utmarka saman med tusenvis av sau frå både Innlandet og Viken, på tvers av fylkesgrensa. Då er det andre lover som gjeld.

– På utmarksbeite viser det seg at smitterisikoen er mykje mindre, så det er lov innanfor same småferegion, forklarar Astri Ham i Mattilsynet.

Briskeby slit med å sjå logikken.

At dyra beiter saman og blir sanka saman, medan me kan ikkje kjøpe avlsdyr av kvarandre, det er ikkje logisk, seier han oppgitt.