Hopp til innhold

Fryktar inntog av bergensruss til Geilo

Medan russestyret i Bergen seier den årlege turen til Geilo er avlyst, førebur politiet og Hol kommune seg på at russen kjem til å komme trass i koronareglar.

Politi på jernbanestasjonen i Bergen før russetur til Geilo

FEKK POLITIESKORTE: Herjinga dei tidlegare åra, gjorde at bergensrussen fekk med seg politiet på toget til Geilo i 2020.

Foto: Lea Lidal / NRK

– Slik situasjonen er no, er ikkje dette rette tida å komme på diverre.

Det seier beredskapsrådgjevar i Hol kommune, Espen Bille-Larsen om den årlege Geilo-helga for bergensrussen.

Tidlegare denne veka skreiv både Visit Geilo og politiet i Bergen, Askøy og Øygarden på Facebook, at dei har fått beskjed om at russen i Bergen, tradisjon tru, planlegg tur til Geilo neste helg.

– No er det ganske klare nasjonale vedtak i samband med arrangement og samkome. Så det bekymrar oss at nokon legg opp til eit arrangement på Geilo no, som samlar mykje ungdom.

Asdis Eva Omarsdottir, russepresident i Vestland 2020-2021.

AVLYST: Russepresident Asdis Eva Omarsdottir seier russen frå Bergen og resten av Vestland ikkje har planar om organisert Geilo-tur i år.

Foto: Privat

Ingen planlagd tur

– All aktivitet for russen er eigentleg avlyst, seier russepresident for Bergen og resten av Vestland, Asdis Eva Omarsdottir. Ho poengterer óg at turen aldri har vore eit offisielt russearrangement i Bergen.

Omarsdottir seier at dei i samarbeid med politiet har rådd russen til å ikkje reise, grunna smittesituasjonen i landet.

– Men det er mange som har hytte der, som sikkert kjem til å dra dit. Det er ikkje noko me kan styre, men då reiser dei sjølve.

Russepresidenten ber også russen som dreg oppover om å ikkje samlast og å overhalde smittevernreglane.

Har vore problem tidlegare

Den årlege russeturen til Geilo har tidlegare fått mykje negativ merksemd på grunn av fleire episodar med bråk.

For nokre år sidan herja russen såpass mykje der oppe at dei påførte hotella skader for fleire hundre tusen kroner.

Tidlegare år har dei òg rasert hytter og hotellrom, og det har vore problem knytt til både rus og herjing.

Ødelagt seng på Bardøla høyfjellshotell

RAMPONERT: Slik såg det ut i ei av hyttene etter russens festhelg i 2017. (Arkivfoto)

Foto: Privat

– Me opplevde at me måtte vera vaktmeistrar for dei som leigde ut i fjor, og rydde opp etter russen. Det er ikkje noko me ynskjer, seier seksjonsleiar for patruljeseksjonen i Hallingdal, Jan Koldal.

Dei gjer seg klare til å hente inn fleire ressursar, skulle det bli nødvendig.

Koldal ber óg private utleigarar om å sjekke grundig kven dei leiger ut til neste helg, og helga etterpå. Nettopp fordi det er utleigar som står ansvarleg både for at smittevernreglane blir overhalde, og eventuelle skader.

Blir sendt heim

Koldal seier at skulle det bli bråk og herjing i år også, kan russen risikere å bli sett på fyrste toget tilbake til Bergen.

– Går det over stokk og stein, så blir du vist bort og sendt heim att. Det skjedde blant anna med nokre i fjor.

Koldal er heller ikkje negativ til at russen i utgangspunktet kjem til Geilo, men seier årets situasjon er litt annleis.

– Nasjonale retningslinjer seier at ein skal avgrense besøk og reiser, så det gjer denne situasjonen her litt dum.

Jan Koldal

FØREBUR SEG: Jan Koldal i politiet i Hallingdal, seier dei er i kontakt med politiet i Bergen, om russen som ser ut til å komme til Geilo dei neste helgene.

Foto: Per Håkon Solberg

Flere nyheter fra NRK Buskerud