Forventar rekordsal av graskar i år

Både bransjen og bøndene jobbar no for at minst mogleg graskarkjøt skal kastast.

Gresskar

FAMILIEBEDRIFT: Anne Eline Nærstad (t.v.) og mora Ragnhild har drive med graskar i mange år.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

– Eg håpar me har nok!

Ragnhild Nærstad og dottera Anne Eline, har bokstaveleg talt henda fulle. Dei siste tre-fire vekene før halloween skal 400 tonn graskar plukkast, pussast, leggast i esker, pakkast og sendast rundt til butikkar over heile landet. Og alt skal gjerast for hand.

Gresskar i ulike fargar

ULIKE FARGAR: Det er ikkje berre oransje graskar ein kan få tak i hos graskarbøndene. Frukta kjem i veldig mange ulike fargar.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

På Linnes gard i Lier, er seks av veksthusa deira fylte til randa av ulike graskartypar. «Halloween», «Hokkaido», «Crown Prince» og fleire nye typar dei har testa ut i år.

For det meste er det oransje så langt auge kan sjå, men i eit hjørne i eit av veksthusa kan ein skimte nokre kvite og nokre grå graskar.

– Den grå her heiter «Crown Prince» og er heilt oransje inni, medan den kvite her er eg litt usikker på namnet på. Det er ein av dei me har testa ut i år, seier Anne Eline.

Gresskar
I 2020 kjøpte me omlag 1.300 tonn graskar.
Gresskar
I år er det forventa at dette stig til 1.600 tonn.
Gresskar
I tillegg kjem det som gardsbutikkar og andre private aktørar sel.
Opplysningskontoret for frukt og grønt

Fleire vil prøve

Ei av dei som prøver å vise fram graskarets gode sider i sosiale medium er Emilie Nereng.

Emilie "Voe" Nereng

Emilie Nereng er forfattar og influencer. Ho ynskjer at fleire skal teste ut graskar som matrett.

Foto: Magnus Westerlund

– Graskar er veldig stort i USA, men her i Noreg har me ikkje like stor tradisjon for å lage mat med graskar, seier den tidlegare bloggaren frå Hønefoss.

No driv ho instagramkontoen «@emilienutrition» der ho blant anna legg ut oppskrifter på sunne matrettar. Og i fjor gav ho ut boka «Sunt og digg».

Den siste månaden har ho lagt ut fleire oppskrifter som inneheld graskar på instaen sin.

– Eg opplever at folk har veldig lyst til å prøve graskar – dei berre veit ikkje heilt korleis det skal lagast.

Gresskarsuppe

GRASKARSUPPE: Suppa kan enkelt lagast av Halloweengraskaret eller andre matgraskar du finn i butikkane.

Foto: Emilie Nereng
Gresskarsalat

«PUMPKIN POWER»: Favorittretten til Emilie Nereng er hennar eigenkomponerte salat med graskar i.

Foto: Emilie Nereng

Nereng sitt tips er å lage graskarsuppe av graskara 1. november, når halloween er over, for å unngå matsvinn. Då treng du berre kutte vekk skalet, skjære innmaten i kubar, koke det med grønnsaksbuljong og smake til med karripulver, riven ingefær og kokosmjølk.

– Til og med graskarkjernar kan ristast i omnen med litt olje og salt og bli til snacks. Eg trur det handlar om å opplyse folk om kor flott denne frukta er og kor enkelt det er å lage mat av den.

Bra med sosiale medium

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett.

Foto: Matvett

Det er ikkje berre Emilie Nereng som jobbar for å få folk til å teste ut graskar som mat. Det er også viktig for både graskarbøndene og organisasjonar som Matvett.

– At det er eit problem at mange graskar berre blir kasta, utan at ein bruker fruktkjøtet, er ikkje noko tvil om. Men det finst diverre ingen målingar på det, seier Anne Marie Schrøder i Matvett.

Ho seier det er bra at fleire matbloggarar dei siste åra har jobba for å vise at graskar er mat, ved å vise ulike oppskrifter ein kan bruke frukta i.

Toril Gulbrandsen, Opplysningskontoret for frukt og grønt

Toril Gulbrandsen, innhaldsrådgivar hos Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt

– Eg trur og det å vise det meir fram i sosiale medium bidreg til ei auka bevisstheit rundt det.

Dette er også Opplysningskontoret for frukt og grønt einige i. Dei ser og teikn på at fleire er interessert i å bruke den oransje frukta i matlaging.

– Det er så bra at forbrukarane har fått auga opp for kva du kan bruke graskarkjøtet til, seier innhaldsrådgivar Toril Gulbrandsen.

Gresskar

MANUELT ARBEID: Fleire hundre tonn graskar skal behandlast for hand, før dei er ute i butikkane.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Siste innspurt

Tilbake på Linnes gard er pakking og utsending av graskara godt i gang.

Gresskar i boks med logo

OPPSKRIFTER: På graskara til Linnes gard finn du eit lite hefte med oppskrifter ein kan teste ut.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Alle blir sjekka for å sjå at dei er heile og fine. Og til slutt får dei ein liten lapp på seg med oppskrifter og info om kva ein kan lage med graskaret.

– Det er viktig for oss å vise at graskara me gror fram her er mat, også dei som ofte blir brukt til halloween-lykter, seier Ragnhild Nærstad.

Ho forklarer at dei ulike graskara har både ulik tekstur og smak. Nokre kan vera grove i tekstur og milde i smaken som «Halloween»-graskara, medan andre er meir fløyelsaktige og smaker som søtpotet.

Gresskar

SISTE FINISH: Graskara må pussast for hand før dei blir sendt vidare til pakkinga.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

– Blir dykk nokosinne lei av graskar?

– Ja! 31. oktober, då er me lei. Det blir ikkje noko Halloween-feiring her for å sei det sånn. Når den tid kjem, feirar me med ein annan type mat, og så tenker me at moroa er over for i år, ler Anne Eline.