Hopp til innhold

Vil løyse opp Viken, men er skeptisk til kostnaden

Over halvparten av innbyggjarane i Viken er klare for ei skilsmisse. Men når rekninga kjem, blir dei betenkt.

Liv Jorunn Andersen om Viken-oppløysing

Liv Jorunn Andersen meiner Viken-oppløysinga blir komplisert kjenslemessig.

Foto: Pål Andersen / NRK

Over 3000 Viken-innbyggjarar er spurt om dei meiner fylket bør bli løyst opp. Heile 56 prosent har svart ja, berre 27 prosent seier dei vil behalde Viken.

Det kjem fram i ei meiningsmåling Norstat har gjort på bestilling frå NRK og Amedia.

Men å løyse opp fylket kan bli dyrt. Rapporten frå administrasjonen har sett kostnadene for ei oppløysing til mellom 310 og 440 millionar. Er det verdt pengane?

For Liv Jorunn Andersen blir det heile litt komplisert kjenslemessig.

– Ut frå økonomi, synest eg at Viken burde bestå sidan ein har brukt så mykje pengar på å opprette det. Det er dumt å bruke så mange millionar på å løyse opp når ein kunne brukt pengane andre plassar. Men ut frå korleis eg følar det, burde ein dele opp, seier ho.

NRK har i dag invitert folk til debatt. Der er det fleire som deler synet til Andersen.

Det var galt å slå sammen, men det er galskap å bruke enorme pengebeløp på å få det tilbake! Blir nok aldri det samme uansett? Bruk penger på de som virkelig trenger det!

Reidun Egeland

La Viken være som nå og bruk ikke nær 500 millioner på å oppløse Viken. De pengene kan brukes mer fornuftig. For vanlige folk merker ingen forskjell om de bor i Viken eller i Akershus. Bruk heller de 500 millionene på å fjerne samtlige fylker. Gi heller nødvendig makt til kommunene.

Bjørn Bråthen

Positive til oppløysing, men...

Undersøkinga til Norstat syner at ein god del av befolkninga er positive til oppløysing, men kostnaden gjer dei betenkt.

Mads Motrøen, Norstat

Mads Motrøen, ansvarleg for politiske målingar i Viken forklarar Viken-tala.

Foto: Halldor Asvall / NRK

– Desse utgjer 40 prosent av dei som er for oppløysing av Viken. Me ser også at ein stor del er usikre eller negative til å løyse opp med denne kostnaden, forklarar Mads Motrøen ansvarleg for politiske målingar i Norstat.

Østfold er det fylket der flest meiner at Viken må løysast opp med sine 66 prosent. I Akershus og Buskerud vil litt over halvparten løyse opp.

Og kor er dei aller mest negative? I Nedre Glomma i Østfold vil så mykje som 74 prosent av dei spurte skilje seg frå Viken. Dette seier folk NRK treff på gata:

Angelica Frantz om Viken-oppløysing

Angelica Frantz:

– Me blir jo veldig nedprioritert. Me skulle få ny skule, men med Viken vart det ikkje prioritert. Det kostar mykje å løyse opp no, men er det dyrare å halde på Viken på lang sikt?
Svein Erik Hestnes om Viken-oppløysing

Svein Erik Hestnes:

– Eg synest me skal bryte opp Viken og gå attende til Østfold. Dei fleste eg kjenner er også for det. Det er verdt pengane.
Nina Ellinor Karlsen om Viken-oppløysing

Nina Ellinor Karlsen:

– Eg saknar Østfold. Det handlar om tilhøyre, det er ikkje alltid det går på pengar. Eg har laga ei eiga gruppe for me som vil ha tilbake Østfold og gjer alt eg kan for å få Østfold tilbake.
Dan Rygh om Viken-oppløysing

Dan Rygh:

– Eg synest det hadde vore deilig å komme tilbake att til Østfold. Me blir veldig små i det store fylket Viken. Om det er verdt pengane er eit godt spørsmål. Det kjem an på kor mykje pengar det er i det store bilete.
Pål Andersen/NRK

Det er Asker og Bærum som har den høgaste delen innbyggjarar som er mot ei Viken-oppløysing. Der vil heile 35 prosent halde på storfylket.

Starta Facebookgruppe

24 år gamle Balder Alvær Olafsen er kanskje over gjennomsnittet oppteken av å løyse opp storfylket. Han er sjølv SV-gruppeleiar i fylkestinget i Viken og har starta Facebookgruppa «oppløs Viken».

Den har snart 16.000 medlemmar.

Gallup-viken

Gruppeleiar Balder Alvær Olafsen (SV) i fylkestinget i Viken har starta gruppa «Oppløs Viken» på Facebook.

Foto: Nadir Alam / NRK

– Berre den siste veka har me fått 350 nye medlemmer som engasjerer seg for å få tilbake Østfold, Akershus og Buskerud. Me har mange som dagleg deltek i debatten om oppløysing for å få demokratiet nær folk.

– Folk er bekymra for kostnadene ved å løyse opp Viken. Har du forståing for det?

– Folk seier at dei vil løyse opp Viken, det er viktig å få til no, men så må me sørgje for at kostnadene kjem ned på eit godt nivå

Fleirtal for oppløysing

Skjebnen til Viken blir avgjort i fylkestinget 23. og 24. februar.

Viken Ap skal halde eit fellesmøte 5. februar. Vedtaket som då blir fatta vil vere toneangivande for kva representantane i fylkestinget stemmer seinare i februar.

Slik det ligg an i dag, erfarer NRK at det er fleirtal for å løyse opp Viken i Ap-representantskapet.

Les også Bli med i diskusjonen: Er det riktig å oppløse fylkene?

Hjertepuslespill