Hopp til innhold

Samla seg for å sjå krigsskipet reise

Verdas største krigsskip, amerikanske «USS Gerald R. Ford» var på måndag på veg ut Oslofjorden.

hangarskip-gerald-Ford-Drøbak-290523

No samlar folk seg langs Oslofjorden for å sjå det amerikanske skipet segle forbi.

Foto: Storm Pessl-Kleiven / NRK

Dei siste dagane har mange tatt turen for å sjå verdas største krigsskip som er på besøk i Oslofjorden frå 24. til 30. mai.

Mange rigga seg til langs kysten for å vinke skipet farvel da skipet var på vet ut Oslofjorden.

Folk samler seg på Storsand i Hurum for å se det amerikanske krigsskipet forlate Oslofjorden.

Mange har samla seg på Storsand i Asker for å sjå det amerikanske krigsskipet segle forbi på veg ut Oslofjorden.

Foto: Anne Karin Pessl / NRK

4500 menneske jobbar om bord på skipet. I tillegg rommar det 90 fly og helikopter.

Det er over 60 år sidan eit amerikansk hangarskip sist besøkte Noreg.

No skal «USS Gerald R. Ford» reise vidare nordover for å delta i øvinga Arctic Challenge Exercise.

Ferden går videre til Nato-øvelse i Nord-Norge.

Ferda går vidare til Nato-øving i Nord-Norge.

Samlar seg for å sjå krigsskipet

På Storsand i Asker hadde nærmare 1000 personar teke plass på benkar, steinar og medtekne campingstolar.

Dei har samla seg for å sjå amerikanarane reise forbi.

Blant dei som skal sjå skipet er Kenneth Winnæss og sonen.

– Me har vore her i snart to timar, sjølv om det er litt kjedeleg å venta for dei små, synest me vaksne at det er spennene, seie Winnæss.

Sjølv om dei køyrde snautt eit halvtime for å komma ut å sjå båten understrekar Winnæss at det er verd det.

– Det er jo spennande å sjå skipet sjølv.

Folk ser krigsskipet segle forbi på hurum

På Storsand i Asker har folk med seg campingstolar og piknikkurvar.

Foto: Anne Karin Pessl / NRK

Førre veke tok mange turen for å sjå hangarskipet. Spesielt mykje trafikk vart det til Malmøya og Ormøya.

Der oppfordra politiet folk til å gå eller sykle, fordi både naudetatar, heimetenesta og fastbuande ikkje kom seg fram.

Tre kompiser ser på hangarskipet USS Gerald R. Ford fra Ekebergskrenten i Oslo onsdag

Tre venner ser utover på det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslofjorden fra Ekebergskrenten i Oslo onsdag morgen. FOTO: Javad Parsa / NTB

Folk som ser på hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslo

Tilskodarar på land på Nesoddtangen følg hangarskipet med blikket på veg inn Oslofjorden onsdag morgon. FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB

Hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslo

Det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford på veg inn Oslofjorden, her ved Drøbak kor folk har samla seg for å sjå skipet passera. Hangarskipet er verdas største krigsskip, og skal ligga i havn i Oslo i fire dagar. FOTO: Stian Lysberg Solum / NT

Fleire venta på at det amerikanske hangarskipet skulle segla forbi Drøbaksundet.

Bildet er tatt nede ved kaia i Drøbak. Hangarskipet blir følgt av fleire militære fartøy, som den norske fregatten Roald Amundsen som du ser på bildet. FOTO: Laila Wilhelmsen.

Fleire menneske har samla seg på kaia i Drøbak for å sjå Hangarskipet segla forbi

Fleire stod klare nede ved kaia i det hangarskipet segla forbi Drøbak. FOTO: Laila Wilhelmsen.

To personar er på veg på fjorden med ein liten båt i Drøbak, like før det amerikanske hangarskipet «USS Gerald R. Ford» segla forbi.

To personar er på veg på fjorden med ein liten båt i Drøbak, like før det amerikanske hangarskipet «USS Gerald R. Ford» segla forbi. FOTO: Laila Wilhelmsen.

Mange av dei besøkande tok seg og litt vel til rette, ifølge naboar NRK har snakka med.

– Dei sat inne i hagane til folk. Det var nesten så det var laga ei tribune ned mot sjøen. Der sat dei for å sjå på båten med kikkert, fortalde Gry Mørkrid torsdag kveld.

Hangarskipet på vei ut av Oslofjorden

Her er gigantskipet på veg ut Oslofjorden.

Foto: Nina Didriksen / NRK