Dei siste dagane har mange tatt turen for å sjå verdas største krigsskip som er på besøk i Oslofjorden frå 24. til 30. mai.
Mange rigga seg til langs kysten for å vinke skipet farvel da skipet var på vet ut Oslofjorden.
Mange har samla seg på Storsand i Asker for å sjå det amerikanske krigsskipet segle forbi på veg ut Oslofjorden.
Foto: Anne Karin Pessl / NRK4500 menneske jobbar om bord på skipet. I tillegg rommar det 90 fly og helikopter.
Det er over 60 år sidan eit amerikansk hangarskip sist besøkte Noreg.
No skal «USS Gerald R. Ford» reise vidare nordover for å delta i øvinga Arctic Challenge Exercise.
Ferda går vidare til Nato-øving i Nord-Norge.
Samlar seg for å sjå krigsskipet
På Storsand i Asker hadde nærmare 1000 personar teke plass på benkar, steinar og medtekne campingstolar.
Dei har samla seg for å sjå amerikanarane reise forbi.
Blant dei som skal sjå skipet er Kenneth Winnæss og sonen.
– Me har vore her i snart to timar, sjølv om det er litt kjedeleg å venta for dei små, synest me vaksne at det er spennene, seie Winnæss.
Sjølv om dei køyrde snautt eit halvtime for å komma ut å sjå båten understrekar Winnæss at det er verd det.
– Det er jo spennande å sjå skipet sjølv.
På Storsand i Asker har folk med seg campingstolar og piknikkurvar.
Foto: Anne Karin Pessl / NRKFørre veke tok mange turen for å sjå hangarskipet. Spesielt mykje trafikk vart det til Malmøya og Ormøya.
Der oppfordra politiet folk til å gå eller sykle, fordi både naudetatar, heimetenesta og fastbuande ikkje kom seg fram.
Tre venner ser utover på det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslofjorden fra Ekebergskrenten i Oslo onsdag morgen. FOTO: Javad Parsa / NTB
Tilskodarar på land på Nesoddtangen følg hangarskipet med blikket på veg inn Oslofjorden onsdag morgon. FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB
Det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford på veg inn Oslofjorden, her ved Drøbak kor folk har samla seg for å sjå skipet passera. Hangarskipet er verdas største krigsskip, og skal ligga i havn i Oslo i fire dagar. FOTO: Stian Lysberg Solum / NT
Bildet er tatt nede ved kaia i Drøbak. Hangarskipet blir følgt av fleire militære fartøy, som den norske fregatten Roald Amundsen som du ser på bildet. FOTO: Laila Wilhelmsen.
Fleire stod klare nede ved kaia i det hangarskipet segla forbi Drøbak. FOTO: Laila Wilhelmsen.
To personar er på veg på fjorden med ein liten båt i Drøbak, like før det amerikanske hangarskipet «USS Gerald R. Ford» segla forbi. FOTO: Laila Wilhelmsen.
Mange av dei besøkande tok seg og litt vel til rette, ifølge naboar NRK har snakka med.
– Dei sat inne i hagane til folk. Det var nesten så det var laga ei tribune ned mot sjøen. Der sat dei for å sjå på båten med kikkert, fortalde Gry Mørkrid torsdag kveld.
Her er gigantskipet på veg ut Oslofjorden.
Foto: Nina Didriksen / NRK