Flybussen er ein populær reisemåte for østfoldingar som vil komme seg til nærmaste flyplass, Oslo lufthamn på Gardermoen.
Ruta blir drifta av Vy og har 37 avgangar i døgnet frå Fredrikstad.
Men for ein familie med barn kan prisen på turen variere med fleire hundre kroner, avhengig av kva måte du bestiller bussbilletten på.
Billettane blir selde på fire ulike måtar.
Tre gonger dyrare
Det er enorme prisforskjellar mellom alternativa. Og det rammar først og fremst barnefamiliar.
Viss ein vaksen og to barn/ungdommar skal reise frå Fredrikstad til Oslo lufthamn, skil det 710 kroner mellom det dyraste og det billigaste alternativet.
Prisar for ein vaksen og to barn/ungdommar:
- Vybuss-appen: 355 kroner
- Om bord: 455 kroner
- Vy-appen: 893 kroner
- Flybussen.no: 1.065 kroner
VYBUSS-APPEN: Det er kun Vybuss-appen som gir full familierabatt.
VY-APPEN: Vys egen app gir ikke familierabatt på egne busser.
FLYBUSSEN.NO: Den som bestiller flybussbillett via flybussen.no, sendes videre til Vy, men prisen økes drastisk.
OM BORD: Om bord i bussen koster billetten 455 kroner.
Familierabatt
Nøkkelordet er «familierabatt».
Det er berre Vybuss-appen som gir full familierabatt. Det er ingen moglegheiter for det i Vy-appen, sjølv om det er Vy som eig begge.
Kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy skriv i ein e-post til NRK at det er tekniske årsaker til at familiebillett berre blir seld via Vybuss.
– Vi jobbar med å få dette på plass også i andre tekniske miljø (Vy-appen og Vy.no).
Blir slutt på om bord-sal
Bussjåføren gir også familierabatt, men legg på eit tillegg på 100 kroner. Men snart er moglegheita for å kjøpe direkte av bussjåføren borte.
– Vi har dynamiske haldeplassar og skal berre køyre innom haldeplass ved førehandsbestilling. Vi er i ferd med å avvikle ombordsal, skriv Lundeby.
Kommunikasjonssjef i VY Åge-Christoffer Lundeby seier at dei jobbar med å få å integrere familiebillett-ordninga i Vy-appen òg.
Foto: Synne Sørenes/RNKDet desidert dyraste alternativet er flybussen.no.
Viss du bestiller gjennom nettsida blir du send vidare til vy.no. Men prisen, den aukar til 1.065 kroner.
Flybussen.no er eigd av Connect Bus, som er eit nordisk busselskap.
– Det viser seg at vi har ein teknisk feil i overgangen mellom flybussen.no og vy.no. Vi rettar opp i dette, seier Lundeby.
Gjeld berre éi rute
Vy køyrer også flybuss mellom Ålesund og Ålesund lufthamn Vigra.
Men der er prisen den same i dei ulike appane, bortsett frå at flybussen.no legg på 60 kroner.
Her får ein til gjengjeld ikkje familierabatt i det heile.
Kommunikasjonssjefen forklarer forskjellen mellom Fredrikstad og Ålesund slik:
– Ålesund har eit «shuttlepreg», og vi har derfor ikkje ei familiebillett-løysing der per no.