Hopp til innhold

Vil ha fleire til å gå og sykle i bygdene: – Må endre vanar

Det er ikkje berre i dei store byane at fleire må gå og sykle. Også dei små tettstadene er nøydd til å få fleire innbyggarar til å la bilen stå oftare om me skal nå klimamåla.

Trafikk i Geilo

Ein rapport frå TØI slår fast at bilen dominerer i Geilo sentrum.

Foto: Vilde Jagland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

11 prosent av Norge sin befolkning bur nemleg i mindre kommunar med eit innbyggartal på mellom 4400 og 10600. Der dominerer ofte bilen som transportmiddel.

Skal me nå nasjonale utsleppsmål, må tettstadene legge meir til rette for klimavenleg transport, meiner Transportøkonomisk institutt (TØI).

Kommunane Hol, Sortland, Stryn og Bø er del av eit prosjekt knytt til nettopp dette. Tettstadene får ei oppskrift for utvikling av sentrum, der klima er ein av mange sentrale ingrediensar.

Ut av bakeomnen kjem «tettstadpakka».

Det var Hallingdølen som omtala saka fyrst.

Handlar om vane

Målet med prosjektet er å få fleire gode krefter til å jobbe saman slik at det blir mogleg.

Mange køyrer bil til, frå, og i sentrum av distriktskommunane. Men slik må det ikkje vere.

Val av transport handlar nemleg mykje om vane, trur ordførar Petter Rukke i Hol kommune.

Trafikk i Geilo

Men gamal vane treng ikkje vere vond å vende.

Kanskje handlar det berre om å få på plass gode alternativ til bilen?

Guro Rykke Antonsen om trafikk i Geilo.

Guro Rykke Antonsen:

– Eg trur det kan vere sunt for alle. Det er bra, det blir mindre utslepp.

Eli Persson om trafikk i Geilo.

Eli Persson:

– Ein orkar ikkje å gå 2,5 kilometer kvar veg. Det blir ikkje aktuelt.

Einar Øyo om trafikk i Geilo.

Einar Øyo:

– Litt meir interntransport eller elektriske bussar? Ein kan gjere mykje for å hindre at ikkje alle køyrer bil inn i sentrum.

May-Britt Slettemoen om trafikk i Geilo.

May-Britt Slettemoen:

– Ja takk, det hadde eg og sagt. Hadde det vore buss, hadde eg absolutt late bilen stå.

– Me ser at det heilt klart er mange som brukar bilen. Eg er nok også ein av dei som brukar bilen veldig mykje når eg skal forflytte meg, i tilfelle eg skal noko anna. Eg trur me må endre vanar, seier Rukke.

Trafikk Geilo sentrum

Det er meir parkeringsplassar enn det er behov for i Geilo sentrum, seier rapporten frå TØI.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Hol kommune har mykje til felles med Bø, Sortland og Stryn, fortel forskar Marianne Knapskog hjå TØI.

– Dei har mange som køyrer bil, men dei har også sentrum med gode kvalitetar som gjer det mogleg å få til god stadsutvikling, seier Knapskog.

Satsar på sykkel

I Bø i Telemark kan du leige både elbil og elsykkel. Kommunen var faktisk fyrst i Norge med eit slikt tilbod utanfor ein stor by.

– Sykling og gonge er viktig også utanfor dei større byane. Det bør bli lagt meir til rette med sykkel- og gangvegar, ikkje berre i sentrum - men også til sentrum, seier Knapskog.

Fleire tettstader har begynt å satse på nettopp det. Bø, Modum, Sauda og Gol er alle døme på at bysykkel fungerer også utanfor dei store byene, fortel forskaren.

I Gol har dei starta med utleige av elsykkel på sommaren. Det har vore så populært at dei no utvidar med fleire syklar.

Dagleg leiar Sissel Bjørøen i Visit Gol.

Dagleg leiar Sissel Bjørøen syner fram dei nye elsyklane i Gol.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Dagleg leiar Sissel Bjørøen i Visit Gol trur tilbodet må kome før etterspurnaden. Då er kanskje fleire villige til å la bilen stå.

– Det må vere tilgjengeleg slik at folk lett kan ta ein sykkel i staden for å ta bilen. Bysykkel er like eigna i bygd som i by. For oss handlar det om å gjere Hallingdal meir berekraftig og grønare.

– Må endre mønsteret

I Geilo er utfordringa at folk beveger seg innanfor eit lite geografisk område. Det skapar trafikale utfordringar.

Ordfører Petter Rukke i Hol.

Ordførar Petter Rukke trur folk må endre transportvanane sine.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Me har sett stor effekt av til dømes skibussar, som Ski Geilo starta for nokre år sidan. Me lurte fyrst på om det i det heile tatt var noko for oss, men det har redusert transport til og frå skisenter og sentrum, seier ordførar Petter Rukke.

Kommunen skal no gå i dialog med næring og innbyggarar for å finne ut korleis dei betre kan løyse trafikken i sentrum.

– Me må endre mønsteret. Eg trur også at det kjem til å bli meir vanleg å dele bil i distrikta også, slik me ser i dei store byane. Men me må som sagt ha ein avlæring.

– Kjem du til å gå og sykle meir no?

– Eg håper det! Eg har jo kjøpt elsykkel, og lagt bak meg nokre kilometer med den. Det er ein fin måte å lufte seg på, og bra for folkehelsa også.