Stomipasientar vann fram

– No kan eg jobbe, og eg slepp å ta opp lån. Eg kan leve eit vanleg liv, som alle andre, seier Vilde Storebråten (26).

Dei seinaste åra har Vilde Storebråten kjempa for å kome seg tilbake til arbeidslivet.

– No får eg leve eit vanleg liv, som alle andre, seier Vilde Storebråten om at Helfo no droppar fleire av kvotane på stomiutstyr.

Foto: Caroline Utti / NRK

Helfo melder på sine eigne nettsider at dei droppar fleire av kvotane på produkt til folk med utlagt tarm. Endringa trer i kraft 1. november.

– Kvifor? Er det press frå brukarar, politikarar og medium som gjer at Helfo snur?

– Helfo har frå før innføringa av antallsgrensene hatt som plan å evaluere desse tiltaka. Dette arbeidet var alt i gang då saka nyleg dukka opp i offentlegheita, skriv avdelingsdirektør Steinar Mathisen i Helfo, i ein e-post til NRK.

Også Dagbladet omtalte snuoperasjonen onsdag morgon.

Stolt og sliten

– Eg er overlykkeleg, glad, stolt og sliten på same tid, seier Vilde Storebråten til NRK.

Vilde Storebråten.

Vilde Storebråten er ein av fleire som den seinaste tida har kjempa for å få helsestyresmaktene til å snu.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ho er ein av fleire som den seinaste tida har kjempa for å få helsestyresmaktene til å snu.

Storebråten har også gått i bresjen for ein underskriftskampanje. Den har per i dag runda drygt 29.000 underskrifter.

«Overforbruk»

Tidlegare fekk stomipasientar ta ut alt utstyret dei trengde på blå resept.

Men 1. januar i år innførte Helfo antallsgrense på ei rekkje ulike produkt. Bakgrunnen var «meldingar om overforbruk».

Dette har vekt store reaksjonar blant stomipasientar over heile landet.

For knapt to veker sidan fortalde NRK historia om Daniel Rabbe (5) og Vilde Storebråten (26). Båe har på ulikt vis har blitt hardt ramma av kvotane på stomiutstyr.

I ettertid har problematikken vorte løfta fram både av fleire andre medium, og på Stortinget.

Kristine Lindsøe Hansen og sonen Daniel Rabbe gjer seg klare for å dra til barnehagen.

Sist veke oppheva Helfo grensene på tykningsmiddel. Det gjer at Daniel Rabbe (5) igjen kan få leike så mykje som han vil.

Foto: Christian Nicolai Bjørke / NRK

Løn for strevet

Sist veke oppheva Helfo kvotane på tykningsmiddel, som var eitt av fleire produkt på lista.

– Me er ein gjeng som har stått på i 17 dagar no. Og no ser me at det faktisk hjelper å seie ifrå. Me er sjølvsagt kjempeglade, seier Storebråten.

Og no opphevar altså Helfo grensene på ytterlegare to produkt; kleberfjernerspray og plateforlengjarar.

– For meg betyr dette at eg kan jobbe, og at eg slepp å ta opp lån. Eg kan få vera bonusmamma, sambuar, dotter og syster. Og eg kan leve eit vanleg liv, som alle andre.

Frå 1. november opphevar Helfo kvoten på plateforlengarar.

Frå 1. november opphevar Helfo kvotane på plateforlengjarar (biletet) og to andre produkt til folk med utlagt tarm.

Foto: Caroline Utti / NRK

Framleis ein veg å gå

For Vilde, og mange med ho, er det nettopp dét denne kampen har handla om.

Nemleg moglegheita til å ha eit vanleg kvardagsliv, trass kronisk sjukdom.

– Me ynskjer berre å ha den same plassen rundt bordet som funksjonsfriske har. Og no nærmar me oss det, seier Vilde.

«Hadde som plan å evaluere»

Ifølgje Helfo var «faglege vurderingar» grunnlaget for kvotane som vart innført 1. januar i år. Dei held framleis fast ved at kvotane ikkje var eit resultat av eit reint sparetiltak.

– Hadde dette vore eit ordinært innsparingstiltak, ville det blitt behandla i den årlege budsjettprosessen og omtalt i Stortingsproposisjon nr. 1 for Helse- og omsorgsdepartementet for 2020, skriv avdelingsdirektør i helfo, Steinar Mathisen Helfo, i ein e-post til NRK.