Hopp til innhold

Fleire kjøper brukt, men færre leverer inn ting

Brukthandelen skyt no fart, og er større enn nokon gong. Men fleire sel sjølv i staden for å gi bort til bruktbutikkar. Det bekymrar dei store bruktkjedene.

Innleveringsbokser fra Gjenbruken

FÅR INN MINDRE. Bruktkjeda Gjenbruken har vorte nesten like store som Fretex, men merkar nedgang i leverte ting dei kan selje.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– No er denne min!

Tyske Oliver Fortkord kom over ein original brennevinsmugge hos Gjenbruken-butikken på Ulven i Oslo. Den blir seld for 200 kroner, ein pris han er godt fornøgd med.

– Eg var ute etter anten cocktailglas, dekorasjonar eller andre småting, men landa på denne, seier Fortkord.

Og han er langt frå åleine om å kjøpe brukt.

Oliver Fortkord på Gjenbruken

Oliver Fortkord var på utkikk etter ein mugge med reklame for spesielle drikkevarer. Det fann han i ein gjenbruksbutikk.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Bruktmarknaden i Noreg aukar, viser tal frå dei største bruktkjedene:

  • Fretex har 39 bruktbutikkar i tillegg til nettbutikk og auka salet av brukte klede i 2022 med 39 prosent, sko med 32 prosent og anna utstyr med 30 prosent. Og veksten held fram i 2023.
  • Gjenbruken-kjeda har 35 bruktbutikkar og har auka salet med 20 prosent så langt i år.
  • UFF-kjeda har åtte butikkar og har auka salet med over 50 prosent så langt i år samanlikna med i fjor.

Dagleg leiar Bjarte Rydland i Gjenbruken-butikkane gler seg over auken. I butikkane deira jobbar dei tilsette frivillig, og overskotet går til humanitære prosjekt.

Bjarte Rydland

Bjarte Rydland leier bruktkjeda Gjenbruken, som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Han ser ein nedgang i donerte ting som dei kan selje.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Det er jo gøy å sjå at så mange ønskjer å kjøpe brukt, men skal vi møte etterspurnaden så må vi også få inn ting, seier han.

For det er eit skjer i bruktsjøen. Samtidig med auka bruktsal totalt, er det ein nedgang i donasjonar til dei store bruktkjedene.

– Vi kjøper ingenting av det vi sel vidare, og er heilt avhengige av donasjonar for å kunne tilby dei varene folk ser etter, seier Bjarte Rydland.

Dei ser teikn til at det er manko på særleg det dei kallar nips, eller mindre bruks- og pyntegjenstandar.

Også Fretex har nedgang i både innlevering til mottaka og i salet av brukte møblar, bøker, multimedia og elektriske artiklar.

Glass-servise i bruktbutikken Bærekraftig gjenbruk i Oslo.

Glass-servise er ein klassikar i bruktbutikkane. Men no kjem det inn litt mindre enn før.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Sel sjølv i staden for å donere

– På landsbasis er det ein samla nedgang i innlevering til bruktkjedene på 16 prosent sidan 2019, seier direktør for miljø i Fretex, Kristin Hareide.

Fretex, som er eigd av Frelsesarmeen, har ein annan forretningsmodell enn Gjenbruken, og har betalte medarbeidarar. Overskotet av brukthandelen deira finansierer ulike sosiale tiltak.

Kristin Hareide

Fretex' miljøsjef Kristin Hareide fortel om kraftig auke i salet i fjor, men også dei får inn noko færre ting.

Foto: Lars Håkon Pedersn / NRK

Både i Fretex og Gjenbruken trur dei det handlar om at fleire anten beheld tinga lenger, eller at dei vel å selje det sjølve for å tene nokre kroner.

Trenden blir stadfesta av kommunikasjonsrådgjevar Linda Glomlien i Finn.

– Vi har over ein kvart million nye Torget-annonsar kvar veke og det er mellom ni og ti millionar besøk på annonsane kvar veke.

2022 var eit rekordår for Finn og auken held fram inn i 2023.

I veke 10 var det 12,5 prosent fleire annonsar og 8,3 prosent fleire besøk på annonsane enn i same veke i fjor.

Glomlien synest det er fint å sjå at fleire og fleire tenkjer brukt før nytt.

Mykje på lager!

Forbrukarøkonom Magne Gundersen hos Sparebank1 meiner det er naturleg at fleire vel å selje ting framfor å gi dei bort i tronge økonomiske tider.

Magne Gundersen

Forbrukarøkonom Magne Gundersen oppmodar til å gi bort meir av det vi har liggjande, eller selje det sjølv.

Foto: Sparebank 1

Men han vil likevel oppmode til å donere til bruktkjedene, og tippar at det er nok å ta av heime hos mange av oss.

– No har det komme mange nye bruktbutikkar, så det er mange som kjempar om dei same tinga. Men mykje ligg ubrukt rundt om i norske heimar, så det er berre å donere. Det er flott å sjå at brukssalet verkeleg byrjar å ta seg opp, seier Gundersen.

Les også Enorm pågang: – Nå er det vanlige folks tur til å bli fattige

Stine M. Carlsen
frivillig for Hjelp oss å hjelpe Østfold