– Det er hyggeleg å sjå at det tek seg opp att, og at folk kjem tilbake, seier Bente Eide.
Eide og familien har hatt hytte på Geilo i ei årrekkje, og er blant dei mange som legg årets sommarferie til «vinterhytta» på fjellet.
– Ein blir møtt med ein veldig vennlegheit i butikkane. Dei gjev uttrykk for at dei har sakna oss. Det er litt ålreit. Ofte kan ein jo føle at lokalfolk synest hyttefolk tek mykje plass. Men det har vore heilt tomt her i vinter, så no set dei veldig pris på at me er her, seier ho.
Fleire brukar hyttene sine
Det har vore nokre tøffe månader. Seinvinter og påske er vanlegvis ei travel tid for fjelldestinasjonane. I år vart det ikkje slik.
Men no ser det ut til at folk brukar fjellhyttene sine meir på sommaren enn dei har pleidd å gjera. Fleire stader blir det meldt om kraftig vekst i både omsetning og talet på besøkande.
– Me ser ein veldig stor auke i hyttefolk som brukar hyttene sine no på sommaren, enn det me vanlegvis ser, seier Anders Hauge i Visit Geilo.
Hytteturistane legg også att meir pengar i bygda enn det utanlandske turistar ofte gjer. Det er godt nytt for handelsnæring og aktivitetsleverandørar, meiner Hauge.
Mobilmålingar gjort tysdag 14. juli viste at det var kring 55.000 personar i Hallingdal. Dette er nesten ei tredobling av folketalet. Talet er også nesten like høgt som på same tid i fjor, trass i at det no omtrent ikkje er utanlandske turistar på besøk.
– Dette er året der nordmenn ynskjer å huke av ting på «bucketlista» si, og verkeleg kome seg ut og oppleve det fjell-Norge kan tilby.
Ser ein klar trend
I Rauland i Telemark er meldinga den same.
– Det er ein veldig pågang. Me merker det godt, me som bur her fast. Parkeringsplassar ved sports- og matbutikkar står fulle frå klokka 10 om morgonen, og ut dagen, seier Geir Midtbø ved turistkontoret i Rauland.
På turistkontoret har dei vanlegvis hatt hendene fulle med utanlandske turistar sommarstid. No er dei erstatta med norske hytteeigarar på jakt etter aktivitetar og attraksjonar i nærområdet.
Store ringverknader for lokalsamfunnet
Ringsaker, med langrennsdestinasjonen Sjusjøen, er landets største hyttekommune.
Også her ser det ut til at folk brukar «vinterhyttene» sine meir denne sommaren enn dei har gjort tidlegare.
– Me ser det mellom anna på omsetninga av hytter, og på billettsal til arrangement, seier Tone Alterskjær, dagleg leiar i Visit Sjusjøen.
Den lokale Kiwi-butikken på Sjusjøen har også alt tent inn att det dei tapte i omsetning knytt til korona og nedstenging, fortel ho.
– Kva viss ein kan få folk til å bruke hyttene sine ei veke meir i året?
– Då drypp det på alle. Frå dei som driv bensinstasjon til dei som sel hytter. Me har i tillegg hatt byggjestopp no. Så det er viktig for Sjusjøen og Ringsaker at me får folk til å bruke hytta ei veke ekstra. Difor legg me mellom anna opp til arrangement og ting som gjer at folk vil reise på hytta, seier Alterskjær.
Bekymra for klyngesmitte
Lokalt næringsliv nyt godt av at hyttefolk og turistar vender tilbake. Samstundes er det klart at fleirdobla folketal aukar sjansen for spreiing av koronasmitte.
– Me kan hengje opp plakatar og gje informasjon, men det er framleis opp til den enkelte å passe på sjølv. Problemet kjem når det samlar seg mykje folk innanfor ei kort tidsramme, seier Geir Strømmen, kommuneoverlege i Ål og Hol.
Strømmen synest nærings- og reiselivsaktørar generelt er flinke til å følgje smittevernrutinane. Like fullt er han bekymra for at ferietrafikken kan gje store konsekvensar.
– Det er jo det me alle bekymrar oss for. At me plutseleg skal få klynger med fleire smitta, no som me har opna opp.
– Folketalet i Hallingdal er altså nær tredobla. Har legetenesta ressursar til å takle det?
– Meldinga frå legekontor og legevakt er at det er akkurat på grensa no. Me planlegg for endå meir pågang. Men viss det nærmar seg uforsvarleg, så må me ta grep.