Hopp til innhold

Fekk graffitivegg i konfirmasjonsgåve

Det er kanskje mest vanleg å få ting som bunad, pengar og sølvtøy når du konfirmerer deg. Då Ida skulle konfirmerast fekk ho noko som ikkje fekk plass på gåvebordet.

– Eg vart heilt mållaus, seier Ida Flatin Bartos.

Ho trudde fyrst ikkje sine eigne auge då ho på konfirmasjonsdagen i september såg namnet sitt spraya på veggen til svømmehallen i Kongsberg.

På ein lilla bakgrunn stod namnet hennar skriven i store gule bokstavar.

Ida har fått graffitivegg

KUNST: På konfirmasjonsdagen vart Ida Flatin Bartos overraska med graffitikunst med hennar eige namn.

Foto: Lars Undli

– Eg visste ikkje korleis eg skulle reagere då eg såg det. Det er ikkje noko eg har fått før, og eg tviler på at eg nokosinne kjem til å få noko liknande igjen. Du føler deg litt viktig når du får noko sånt.

Veggen er ein «frivegg», som betyr at kven som helst kan teikne, male og spraye på den. Det betyr og at gåva til Ida ikkje kjem til å stå der for alltid, men at den kjem til å bli malt over etter kvart av andre.

Det var Laagendalsposten som skreiv om Ida fyrst.

Ei personleg gåve

Kunstnaren bak konfirmasjonsgåva er Lars Undli. Han er graffitikunstnar og går under namnet «Pay2».

Dagen før konfirmasjonen brukte han litt over fire timar på å få kunstverket opp på veggen.

– Sjølve idéen kom frå sambuaren min, som er fadderen til Ida, og eg synest det var ein kjempekul idé! I tillegg så er det hyggeleg å kunne gi ei så personleg gåve, seier kunstnaren.

Grafitti intervju

OVERRASKA: Lars Undli brukte over fire timar på kunstverket til Ida.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

– Veit du kvar du skal?

Då gåva skulle overrekkast sat Ida på med Lars og sambuaren på veg frå kyrkja.

– Me skulle til samfunnshallen der selskapet skulle vera, og så vart eg litt usikker på om han eigentleg køyrde riktig veg. Han er nemleg ikkje så godt kjent i Kongsberg. Så eg hugsar eg spurte om han visste kvar me skulle, og at han sa at me berre skulle ta oss ein liten rundtur, seier Bartos.

Då dei parkerte nede ved svømmehallen, trudde den ferske konfirmanten at dei prøvde å dra ut tida, sånn at mor hennar skulle rekke å fikse alt i festlokalet.

Ida har fått graffitivegg

FRIVEGG: Kunstverket står på ein frivegg i Kongsberg, der alle kan komme og dekorere.

Foto: Lars Undli

– Dei tok meg med bort på baksida av bygget, ned mot elva. Med ein gong eg såg namnet mitt på veggen, så skjønte eg greia. Eg veit at han sprayar og er utruleg flink til det, og han har gjort ein kjempejobb her.

Både Undli og Bartos er einige når dei seier at dei ikkje trur nokre andre konfirmantar har fått ei slik gåve før.

Hallaisen!

Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.

Har du tips til andre saker eg bør skrive? Send meg ein e-post då vel!

Tidlegare har eg skrive om folk som bruker ting dei finn i skåpet til å bleika tenna, og kvar i Noreg ein kan ta dei beste instabileta.

Flere nyheter fra NRK Buskerud