Hopp til innhold

Får kommunetilsette sjå på OL?

Straks er det tid for manglande konsentrasjon, dobbeltarbeid og dårleg samvit. Vi har spurt ordførarar om kor mykje OL dei tilsette får lov å sjå på – i arbeidstida.

Ser på OL

Diskusjonen om å sjå på OL i arbeidstida er i gong. Ordførarane har ulikt syn på saka, men stolar på dei tilsette.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Det kan bli ein sport i seg sjølv, å både halde fokus på arbeidsoppgåvene og samstundes få med seg eit og anna glimt av OL i Sotsji. For dei tilsette i kommunane kan det vere greitt med ei avklåring. Er det lov?

Kjell B. Hansen, ordførar i Ringerike:

Ordfører Kjell B. Hansen

Kjell B. Hansen seier Anders Jacobsen er blant dei betre orsakingane for å sjå på OL i arbeidstida.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Det formelle svaret er at dei tilsette er her for å arbeide, og rådmannen må passe på at brukarane og kundane våre får dei tenestene dei skal. Men: Vi må ha tillit til folk, smiler ordføraren i Ringerike.

– Når ville du reagert?

– Dersom ein brukar ikkje får hjelp fordi nokon må ha med seg innspurten i eit skiløp så er det ikkje greitt. Då ville det blitt påpeika.

– Kva er greitt?

– Vel, dersom Anders Jacobsen ligg veldig godt an, og vi snakkar om spanande finalar, så er det vel ikkje krise for Ringerike kommune i akkurat dei 20 sekunda, flirer han.

Vidar Lande, ordførar i Kongsberg:

Vidar Lande, ordfører i Kongsberg kommune

Vidar Lande likar å sjølv å reise til OL-arrangementa, men er heime i år.

Foto: Odd Vegard Kandal / NRK

– Det er ikkje slik at ein skal sitte å nistire på alle sendingar, men det kjem til å bli store augneblinkar i Sotsji. Noko kiking må vi vel godta, seier han.

– Når kjem du til å smuglese på pc-en din?

– Hehe, eg må setje meg ned og sjå gjennom OL-programmet før eg veit kva som skjer. Eg pleier å vere på OL sjølv, men i år valde eg det vekk. Det blir vel skiskyting, hopp, langrenn og fristil.

– Kan tilsette bli sagt opp for å sjå for mykje OL?

– Nei, neppe. Men det er dette med tillit under ansvar då.

Helene Justad, ordførar i Lier:

Ordfører i Lier

Helene Justad kjem til å kike over skuldra til dei tilsette, for å følge med på OL når det er tid til det.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Man kan aldri vere sikker på kor mykje dei tilsette kjem til å følge med, sportsinteressa er ulik. Eg stoler på at dei disponerer tida si rett og gjer jobben sin.

– Når du går forbi ein tilsett som sitter og nistirar på OL-oppdateringar på skjermen sin, blir du stressa då?

– Nei, absolutt ikkje. Kanskje eg til og med stoppar opp og kikkar over skuldra og spør om kva som er siste nytt.