Hopp til innhold

Her har dei redusert elgpåkjørslane

Det har vore langt færre elg som er påkjørt denne vinteren enn tidlegare år. Strømgjerde kan vere hovudårsaka.

Elg påkjørt

I Buskerud er det mindre påkjørt elg enn tidlegare.

Foto: NRK

Elgpåkjørslane på veg og jernbane i Buskerud i vinter har berre vore 10 prosent i forhold til den verste vinteren for to år sidan. Da blei 60 elg kjørt ned og drepne.

– Gudskjelov har det vore veldig bra i år. I vinter er det berre seks dyr som er påkjørt, seier ettersøkningsleiar Kjell Sevre i Flå.

Den viktigaste årsaka til at det har vore påkøyrd lite elg, er lite snø. Men også elektriske gjerder langs veg og jernbane er effektivt.

– Når dei har fått seg ein lusing er dei veldig forsiktige med å kome bort til gjerdet fleire gonger.

Kvart år blir ca. 1300 elg drepne av bilar i Noreg, dei fleste i november til mars.

Vurderer å fjerne elgskilta

Skogbrukssjef Morten Garås i Øvre og Nedre Eiker trur at intens jakt og rydding ved vegen har ført til minimalt med elgpåkjørslar i Eikerbygdene. Faktisk så lite at Garås vurderer å fjerne elgvarslingsskilta.

Dette er nok det året det har vore minst elgpåkjøringar dei siste 20 åra.

Leiar i prosjektet Trafikktryggleik Hallingdal, Knut Erik Jetlund, vil setja opp fleire meter elektriske gjerde ved både veg og jernbane.

– Nå har vi vore gjennom Flå, Nes og Gol. Nå står dei tre andre kommunane i Hallingdal for tur.