Hopp til innhold

– Det går ganske kaldt nedover ryggen

Ei anonym facebookgruppe brukar Arbeidarpartiet sin logo med fleire kulehol som profilbilete. Leiinga i partiet har rapportert gruppa til PST.

Arbeiderpartiet varslet PST om dette bildet

Stortingsrepresentant Lise Christoffersen opplever denne logoen som ei direkte oppfordring til bruk av vald.

Foto: Skjermdump

– Det vekker sterke kjensler. Tankane går kanskje aller fyrst til moské-skytinga i Bærum, men og til 22. juli, fortel Lise Christoffersen.

Som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet er ho godt vant med hatkommentarar og konspirasjonsteoriar mot partiet sitt. Bruken av logoen med kulehol opplever ho som ei direkte oppfordring til bruk av vald.

Lise Christoffersen

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Lise Christoffersen håpar at PST finn ut kven som står bak og tek ein alvorsprat med dei.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

– Me registrerer stadig vekk at grensene for kva ein kan tillata seg å seia og presentera flyttar seg i feil retning. Og me har alt for mange eksempel på at haldningar fører til handlingar.

Både Christoffersen og leiinga i Arbeidarpartiet har rapportert facebookgruppa til PST.

Få går frå ord til handling

– Det er ikkje vanleg med denne typen eksplisitt valdssymbolikk, seier forskar på ytre høgre og nettaktivisme ved Universitetet i Bergen, Lars Erik Berntzen.

Lars Erik Berntzen

– Det er vanleg at ein skriv meldingar. Denne type biletbruk er ikkje vanleg, fortel forskar på ytre høgre og nettaktivisme ved Universitetet i Bergen, Lars Erik Berntzen.

Foto: Universitetet i Bergen /

Han fortel at det går inn i ein tradisjon med fleire mindre ekstreme formar for propagandamateriale retta mot Arbeidarpartiet. Desse bygger på motstand og til tider eit tydeleg hat mot partiet.

– Om ein blir eksponert for den type bodskap og hat over lang tid, so kan det bidra og verka radikaliserande på enkelte. Eg må og seia at det er få som går frå ord til handling. For kvar tusande person som ytrar seg truande eller hatefullt på nett, so er det få som tyr til vald.

Eit demokratisk problem

– Det er mange hatytringar som går på Ap, enkeltkandidatar og politikarar generelt, men akkurat denne logoen og bileta med kulehol er veldig grove. Det er heilt uakseptabelt, seier Arbeidarpartiet sin partisekretær, Kjersti Stenseng.

Kjersti Stenseng (Ap)

– Når du ser ein Ap-logo med kulehol i so assosierer ein det til veldig grove truslar, seier partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Ho meiner slik åtferd i sosiale medium skremmer folk frå å delta og er eit stort demokratisk problem. Det bør få konsekvensar for dei som står bak, meiner ho.

– Eg trur mange toler meir enn dei bør og det er ofte over terskelen. Den beste måten å førebygga på er å sjå at åtferda får konsekvensar.

PST bekreftar at dei har teke imot bekymringsmeldinga frå Arbeidarpartiet, men ynskjer ikkje å kommentere saka nærare.

Flere nyheter fra NRK Buskerud