Hopp til innhold

Forlatt i grøftekanten

Julius og to søsken var berre nokon dagar gamle då dei vart funne i ei grøft. Berre Julius berga livet, og er av dei mange kattane Dyrebeskyttelsen Norge tek seg av i desse dagar.

Julius var nyfødd då han vart funne i ei grøft

Julius var nyfødd då han vart funne i ei grøft

Foto: Tordis Gauteplass / nrk

Det same gjentek seg når ferietida nærmar seg kvar einaste sommar. Kjæledyr, som opphavleg er anskaffa for kos og hygge, blir brått eit problem når familien skal på ferie.

Veterinær Nora Line trur det skal gå bra med Julius

Veterinær Nora Line trur Julius skal greie seg bra, men han treng ein heim.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Morlaus

Fire veker gamle Julius er innom Dyreklinikken i Drammen for ein sjekk av magen.

Etter at den nyfødde kattungen vart levert til Dyrebeskyttelsen Norge for fire veker sidan, har han levd på morsmjølkerstatning og fått spesialbehandling som eit spedbarn. Men han manglar likevel det viktigaste, kattemor. Det er nok også årsaka til mageproblemene, fortel behandlande dyrlege, Nora Line ved Drammen dyreklinikk, medan ho sjekkar tempen på det vesle nøstet.

Veterinær Frank Munthe-Johannesen

Veterinær Frank Munthe-Johannesen ber folk tenkje seg godt om før dei skaffar seg kjæledyr.

Foto: Tordis gauteplass / NRK

– Etter ein dose klyster, rulla han ut ein skikkeleg kabel, smiler ansvarleg veterinær, Frank Munthe-Johannesen og fortel at no er magen i orden.

Veterinærane ved Drammen dyreklinikk trur Julius kjem til å greie seg bra. Men han er framleis avhengig av ekstra pleie og omsorg, og treng ein god heim.

Dyrepass, ein del av ferieplanen

Her ved klinikken får dei inn tilfelle som Julius fleire gongar i månaden, og dyr frå Dyrebeskyttelsen har dei til behandling nesten kvar einaste dag.

Munthe-Johansen presiserer at når ein skaffar seg eit kjæledyr, er det heilt naudsynt å tenkje over om ein kan ta seg av dette dyret i mange år framover.

– Planlegging er viktig! Ein viktig del av ferieplanlegging er også ordne pass og stell av kjæledyret, enten ved hjelp av vener og kjente eller på eit dyrepensjonat, understrekar veterinæren.

Sjå video av Julius:

Katten Julius vart redda av Dyrebeskyttelsen

Katten Julius vart redda

Inntaksstopp hjå Dyrebeskyttelsen

I Kobbervikdalen i Drammen har Dyrebeskyttelsen Norge ein villa. Her boltrar 35 kattar seg på tre rom og kjøkken, samt ein stor luftegard. Det er eigentleg ti for mykje, fortel styreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Aud Vogt Johansen.

Overfyllt av katter hos Dyrebeskyttelsen Norge

I kattevillaen til Dyrebeskyttelsen Norge i Drammen er det fullt, og vel så det.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Pågangen har vore så stor den siste tida, og det er så vondt å seie nei, sukkar ho. No er kapasiteten heilt sprengt, og dei måtte innføre inntaksstopp.

Freddy frå Norefjell

– Dette er jo alle kattar som er kosete og sosiale, så det er tydeleg at dei kjem frå ein heim, seier Vogt Johansen og lyftar opp favoritten Freddy. Han har halde til i hyttemiljøet på Norefjell i lang tid. Plakatar og annonsering gav ikkje resultat, og så hamna han her.

Aud Vogt Johansen med katten Freddy

Aud Vogt Johansen i Dyrebeskyttelsen Norge med katten Freddy

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Etter eit besøk hjå dyrlegen, viste det seg at han hadde øyrebetennelse og knekt fleire hjørnetenner.

– Kvifor saknar ingen deg? Spør Vogt Johansen fortvila, og stryk favorittpusen kjærleg over ryggen.

Treng fosterheimar

Alle desse kattane treng ein ny heim, men det er også ei utfordring på denne tida av året, nettopp fordi folk skal på sommarferie og ønskjer å vente til hausten før dei tek i mot eit husdyr. Aud Vogt Johansen fortvilar.

– Me har eit skrikande behov for folk som vil ha omplasserte dyr eller som vil vere fosterheim. Det vil seie at ein tek seg av ein katt for ein periode, seier Vogt Johansen.

Pus trenger nytt hjem

Denne gråpusen ønskjer seg ein heim

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Kattane her opptek jo plassar for andre dyr som treng å komme hit, sukkar ho og fortel at dei ventar eit endå større trykk seinare i sommar.

–Berre vent til folk heim frå ferie og finn ut at ein framand katt har fått ungar i garasjen! Folk blir snart merksame på kattar som driv rundt i nabolaget. Når me ikkje kan ta i mot fleire her, blir løysinga å prøve og rettleie dei som varslar om, for å få dei til å ta seg av dyra der dei held til, seier den dyrekjære styreleiaren.