– Ei venninne av meg ringde og grein på slutten av kvelden, fordi ho hadde så høge forventingar til korleis kvelden skulle bli.
TOK DET ROLEG: Susan Hashemi feira med eit par venninner og hadde ikkje så høge forventingar til kvelden.
Foto: Vilde Jagland / NRKSusan Hashemi er ei av dei som har prøvd å fjerne forventingspresset rundt nyttårsfeiringa dei siste åra. Ho har gått så langt som å slette Instagram slik at ho ikkje skal kjenne på presset om å måtte prestere.
Ho seier mange set seg veldig høge krav for nyttårskvelden og korleis dei skal endre seg frå 1. januar av.
–Venninna mi lagde ei liste og fortalde meg at ho hadde planlagt heile dagen frå start til slutt. Men då kvelden kom var ho trist og lei seg, medan eg hadde hatt ei fin feiring fordi eg ikkje hadde sett meg nokre forventingar.
Er nyttårsaftan oppskrytt?
Høge forventingar
Forventingane me set oss, kan eigentleg gjere oss meir skuffa. Me er nemleg ganske dårlege på å spå framtida, seier psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.
Ofte bommar me faktisk ganske grovt.
ROSENRAUDT: Ofte kan scenariet me ser for oss gi oss litt skylappar for heile realiteten, seier psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.
Foto: Presse– Når me ser for oss eit scenario heng me oss ofte opp i nokre spesifikke delar av scenariet. Tek ein nyttårsfesten som eksempel, ser ein ofte for seg at folk pratar saman, ler og har det kjekt, at maten er skikkeleg god og at fyrverkeriet ser bra ut.
Dette er noko som kallast ein fokusillusjon.
– Men så gløymer me fort at det kan vera stress å arrangere fest sjølv, eller å komme seg til festen. Kanskje var ikkje maten heilt perfekt, kanskje vart ein litt full og kanskje var det såpass tåke at ein ikkje såg fyrverkeriet?
Det gjer at ein fokuserer på eit ideal-bilete som sjeldan går i oppfylling. Det er dette som kan gjere at ein kjenner seg skuffa eller at heile greia verka litt oppskrytt, forklarer Hesselberg, som nyleg har skrive boka «Bedre beslutninger» om slike feilvurderingar.
Lågare forventingar
Kjenner du på det same?
Då er du ikkje åleine.
På biblioteket til Universitetet i Sørøst-Norge traff me fleire som har blitt skuffa over korleis kvelden vart.
Løysinga til fleire av dei var å senke forventingane til feiringa.
Diskusjonar på sosiale medium
På forum og i sosiale medium kan ein rundt nyttårstider sjå folk diskutere om feiringa på den aller siste kvelden i året er like flott som den verkar som, eller om den berre er oppskrytt.
I 2020 la artisten Stig Brenner ut ei avstemming på Twitter der han spurte om nettopp dette. Over halvparten av dei som svarte sa at dei meinte dagen var hausa opp til meir enn den trengde å vera.