– Her har det gått eit i fella, ser eg.
Marianne Eystø, rektor ved Hokksund ungdomsskule, har sett i gang tiltak som at alle må bruka innesko for å ikkje få inn mykje fukt på golvet.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKSom mange andre kontorbygg og private heimar har ogso Hokksund ungdomsskule fått skjeggkre. Rektor Marianne Eystø har sett inn mange tiltak for å bremsa utviklinga til dyret, som dukka opp før jul.
– Alle må halde baggar og sekker oppe frå golvet. Då kan reinhaldarane vaske der det samlar seg fukt.
Dette og andre tiltak blir gjort for å prøva å halda bestanden i sjakk. Skulen er ikkje aleine om å ha skjeggkre i hus.
Tal frå Folkehelseinstituttet viser at det i 2017 var 1500 tilfelle kor skadedyrfirma fekk oppdrag med skjeggkre. Det var ei tredobling frå året før.
Elevane på Hokksund ungdomsskule må passa på at sekkane deira ikkje ligg på golvet.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKHar forska på løysingar
Inne i eit lite og lukka laboratorium på Folkehelseinstituttet kryr det av skjeggkre. Anders Aak er blant forskarane som gjer det vesle rommet til eit eldorado for dyra.
– Her er det optimale forhold. Dei får havregryn og gullfiskmat, temperaturen ligg på 25 grader og fukta på 60 prosent.
I denne delen av laboratoriet er det viktig at levekåra er so gode som mogleg for skjeggkrea.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKSkjeggkreet kan ogso eta papir og lim, men gjer ikkje gjer skadar på bygningar eller menneske. Men det er eit dyr fleire tykkjer det er ubehageleg å ha i heimen. Og fram til no har det ikkje vore på plass metodar for å bli kvitt det.
I eit år har Aak jobba saman med kollegaene sine for å finna metodar for å drepa skjeggkre. Åtefeller med det same middelet som tek livet av kakelakkar er den klare vinnaren.
– Det store spørsmålet er kor lang tid det tek før bestanden av skjeggkre går ned på null, eller om den forsvinn i det heile. Om me går frå 1000 dyr til 5 dyr so er det heilt okay å ha det slik.
Slik ser resultata ut når forskarane ved Folkehelseinstituttet har testa ulike typar gift i åtefeller.
Foto: Maria Kommandantvold / NRKHåpar metoden blir raskt godkjend
– Det verkar som om veldig mange offentlege bygg har skjeggkre, fortel Aak.
NRK har tidlegare skrive om skjeggkre i det Interkommunale arkivet i Kongsberg og sjukehuset i Telemark.
Anders Aak er ein av forskarane som har sett på kva åre som er mest effektiv til å drepa skjeggkre.
Foto: Maria Kommandantvold / NRK– Om du nyttar åte i staden for sprøytemiddel, er det mykje lågare risiko for forgifting av bebuarar. Det er ein kjempefin metode å bruka, seier forskaren.
Men det er ikkje heilt ope for å bruka metoden endå. Sjølv om det allereie blir brukt på kakerlakkar er det framleis eit giftstoff som må bli godkjent for bruk mot skjeggkre. Saka er no oppe hjå Miljødirektoratet som skal bestemma om det blir lovleg for skadedyrkjemparar å utvide bruken av åtefellene.
– Det håper me skal skje snart slik at skadedyrbransjen kan gyve laus på skjeggkrea, seier forskaren.
Skjeggkreet kan ogso eta papir og lim, men gjer ikkje gjer skadar på bygningar eller menneske.
Foto: Mycoteam