Hopp til innhold

Departementet avslo klage: Jehovas vitne får ikkje statsstøtte

No er det bestemd: Jehovas vitne får ikkje statsstøtte for fjoråret. Det skriv Vårt Land.

I januar bestemte statsforvaltaren i Oslo og Viken at trussamfunnet ikkje skulle få statsstøtte, på grunn av korleis dei ekskluderer medlemar. Trussamfunnet klaga, og saka enda opp hjå Barne- og familiedepartementet.

No har dei landa på same avgjerd som statsforvaltaren.

– Barne- og familiedepartementet har komme til at Jehovas eksklusjonspraksis overfor barn under 18 år, og tilsvarande konsekvensar for barn som melder seg ut av trussamfunnet, krenkjer rettane til barn, skriv departementet i vedtaket sitt.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på.