Hopp til innhold

Bør lære av denne bygda: – Heilt genialt

HEMSEDAL (NRK): Legevakta i Hemsedal har spesialisert seg på skituristar som øydelegg seg i bakken. Når det kokar som verst kan dei få opp mot 100 skiskadar i løpet av ein dag.

Camilla Underland

På ein vanleg dag har dei inne 30–40 personar som treng strakshjelp i tillegg til dei vanlege fastlegepasientane kontoret også tek seg av.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Det kjem inn ei skulder her, ei hofte er på veg og nå skal me hente eit kne oppi bakken.

Ambulansearbeidarane gjev beskjed til kommuneoverlege Camilla Underland i det dei er på full fart mot skisenteret igjen.

Berre danskar på legevakta

Det er ein hektisk dag på legevakta i Hemsedal, sjølv om det er ein heilt vanleg tysdag føremiddag midt i januar.

– På det meste har me hatt opp mot 100 personar som treng strakshjelp i løpet av ein dag, fortel Underland.

Camilla Underland

Lege Camilla Underland viser røntgenbilde til ei dansk skulejente som har falt på ski og fått ein skade i skuldra.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Denne dagen er det berre dansk å høyre frå pasientsengene. Danskar og svenskar valfartar til eit av landets største skisenter og det merkast på legevakta.

– Eg trur nok me er dei som ser mest skader, seier ho i det blir trilla inn ein ny pasient som klagar på vondt i hofta.

På dansk.

Har meir utstyr enn andre

Dei siste åra har legevakta i bygda med 2400 innbyggarar vald å spesialisere seg på skituristane sine uhell. Kompetansen og utstyret dei har her, finst ikkje på andre liknande legekontor.

– Me kan gjere veldig mykje meir her enn på eit ordinært legekontor. Me får avklart ting og treng ikkje nødvendigvis sende til sjukehuset, seier Underland og tenkjer spesielt på røntgenmaskin, ultralyd og avansert overvakingsutstyr.

Julie Sonne frå Bramming utanfor Esbjerg har akkurat fått på seg ei fatle av legen. Ho er på skitur saman med skulen sin og falt på ski ein av dei fyrste dagane på tur. Nå konstaterer lege Underland at ho har fått eit brot i kragebeinet.

Skuleleiar Kirsten Tygesen er med eleven og fortel at dei har vore ein del turar på legevakta gjennom 20 år.

– Dei er alltid dyktige og profesjonelle, og me får god behandling, seier Tygesen.

– Heilt genialt

Denne spesialiseringa er forskarane hos Distriktssenteret imponerte av. Dei jobbar for å gjere distriktskommunar meir attraktive, og meiner det er akkurat slik kompetanseheving som er viktig.

– Her har dei tatt utgangspunkt i ei naturgitt føresetnad som Hemsedal har som ei bygd med mykje skiturisme. Dei utviklar kompetanse med utgangspunkt i det, og det er heilt genialt, meiner seniorrådgjevar Ann Irene Myhr og legg til.

– Når legestudentar eller andre ser at i Hemsedal finst det kompetansearbeidsplassar kan det absolutt lokke dei til å flytte dit.

Anne Irene Myhr ved Distriktssenteret

Ann Irene Myhr meiner distriktskommunar kan lære av Hemsedal. Ein må spesialisere seg på dei naturgitte føresetnadane kommunen har, seier seniorrådgjevaren på Distriktssenteret.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Det er ikkje mange minuttane mellom kvar gong det kjem trillande inn ein ny skikledd pasient på kontoret.

Men det er nettopp på grunn av denne hektiske og uføreseielege stemninga Camilla Underland og mange av dei andre her vil jobbe i Hemsedal.

Ho synest ikkje det blir einsformig av og vere spesialisert på beinbrot og andre skiskadar.

Camilla Underland

På legekontoret i Hemsedal har dei både meir kompetanse og utstyr til å behandle brotskadar og andre skader ein får i skibakken, enn eit vanleg legekontor.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Absolutt ikkje. For meg og alle oss som jobbar her er det som gjer jobben spennande. Du får ein større allsidigheit, enn berre å vere allmennlege. Me har eit breitt spekter av opplevingar på godt og vondt kvar dag.

– Er ambisjonen å vere best i landet?

– Ja, det er eit klart mål og det håpar eg at me er.