Hopp til innhold

Deichman Bjørvika er den meste besøkte kulturinstitusjonen

Sidan opninga i juni 2020 har biblioteket vore besøkt av 3,3 millionar personar. Biblioteket har dermed vorte den mest besøkte kulturinstitusjonen i landet.

Det var rundt 350 000 i året som besøkte det gamle hovudbiblioteket som låg på Hammersborg. Målet til Deichman Bjørvika var ved opninga 2 millionar folk i året, og trass pandemi klarte dei i siste halvdel av 2020 å få 893.018 besøkjande. I 2021, som er det einaste heile året som er registrert, var det 1.410.187 besøkande.

Hittil i år har det vore 988.523 besøkande.