Hopp til innhold

Akhtar Chaudhry kjempar desperat for sitt politiske liv

Kampen om den einaste sikre plassen på nominasjonslista til Oslo SV har no spissa seg enda meir. No har både Holmås og Chaudhry stilt eit ultimatum.

Akhtar Chaudhry og Heikki Holmås

Kampen mellom Chaudhry og Holmås tilspissast. I dag er det satt ekstra nominasjonsmøte.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Heikki Holmås stilte tidligare i år eit ultimatum, han måtte enten stå på førsteplass på nominasjonslita, eller ingen plass. I eit intervju med NRK for to veker sidan sa Chaudhry seg ueinig med å stille slike ultimatum.

– Det er aldri nokon som har klart å true seg til posisjonar i Oslo SV eller SV generelt. Det vil i så fall bli ein ny tradisjon, sa Chaudhry.

No ser det derimot ut som han sjølv er med på å gjere det til ein ny tradisjon.

– Det er aldri nokon som har klart å true seg til posisjonar i Oslo SV eller SV generelt. Det vil i så fall bli ein ny tradisjon.

Akhtar Chaudhry / NRK Østlandssendingen, 23. oktober 2012.

To ultimatum som kolliderar

I går mottok nominasjonskomiteen eit brev frå Chaudhry der han stiller eit ultimatum til komiteen og alle medlemmane i Oslo SV.

– Eg stiller kun på førsteplass, skreiv han i brevet. Dette er akkurat same beskjed Holmås har stilt tidligare.

Nominasjonskomiteen vart på møte i går einige om å ta eit ekstramøte i ettermiddag.

– Grunnen til det var beskjeden vi fekk frå Chaudhry. Det vart så kort tid at vi måtte utsetje avgjersla, seier leiaren av nominasjonskomiteen, Kim-André Åsheim.

– Så no vert det slik at Chaudhry eller Holmås innstillast på førsteplass, og den andre vert ikkje med på lista i det heile tatt.

Han legg til at komiteen i tillegg må finne ein ny tredjeplass.

Ekstra motvind

I dag fekk Chaudhry også meir motvind. Fylkesleiar i Oslo SV, Nora Fjelddalen, seier til VG i dag at Chaudhry trua ho på telefonen etter at ho hadde vist støtte til Holmås på Facebook.

Fjelddalen skreiv i Facebook-posten at Chaudhry hadde varsla storstilt verving.

Chaudhry seier til NRK at han ikkje kjenner seg igjen i hennar skildring. Han innrømmer å ha ringt til Fjelddalen, og at Facebook-posten hennar var tema.

– Eg opplevde at påstanden var udokumentert. Fylkesleiaren fremmar dette på Facebook-profilen sin, i tillegg til at ho er kampanjeleiar for Heikki Holmås, seier Chaudhry.

Han fortel vidare at han vart paff og ringte ho for å høyre om ho hadde dekning for påstanden.