Hopp til innhold

Christina kan sjå når babyen må på do – slepp bæsjebleier

På tre månadar har Christina Eng Hauge berre skifta tre bæsjebleier på sin sju månadar gamle son. Det er grunna ein spesiell teknikk.

Christina Eng Hauge held sin sju månadar gamle son, Noah. Ho held han med han sin rygg mot hennar mage, og med hendene under knea, som i froskestilling.

BABYPOTTING: Christina Eng Hauge held Noah i froskestilling over vasken for at han skal få gå på do.

Foto: Oda Bjønnes Hanslien

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det å sleppe bæsjebleiene er mykje tid, krangling og ikkje minst bleier spart.

Christina Eng Hauge nyttar teknikken babypotting, også kalla eliminasjonskommunikasjon, på sin sju månadar gamle son Noah.

Det betyr at ho hjelper sonen med å gå på do ein anna plass enn i bleia. Dette gjer ho gjennom å lese teikn han gir ho.

Det kan vere promping eller at han lager trykke-lyd. Det kan også vere sutring og klaging.

– Heilt frå dei er nyfødde gir dei signal om at dei må på do på same måte som dei gir beskjed om at dei er trøytte eller svoltne, seier ho.

Ho har kurs for å lære vekk babyteikn, og der har ho også babypotting som tema.

På dei siste tre månadane har Hauge berre skifta tre bæsjebleier.

Eit ekstra verktøy

Hauge har tre barn, men har berre drive med babypotting på dei to yngste. Ho fortel at den første sonen var mykje uroleg på natta som nyfødd.

– Ingenting nytta, ikkje amming eller noko fekk roa han ned. Men med dei to yngste hadde eg eit ekstra verktøy om dei var urolege om natta.

Mor holder barn på kjøkken.

Christina Eng Hauge seier ho kan sjå på Noah at han ikkje vil gjere frå seg i bleia.

Foto: Oda Bjønnes Hanslien / NRK

Då kunne Hauge setje seg opp i senga med ei potte, og halde babyen over så han fekk gjere frå seg. Etter tok ho på han bleie og kunne sove vidare.

Lege ser miljøfordel

Barnelege Bente Krane Kvenshagen er kjend med teknikken frå stammer i Afrika.

– Eg trur ikkje barn har vondt av teknikken, men eg ser eit praktisk problem. Ein kan for eksempel ikkje forvente at dette blir følgt opp i barnehage. Det kan også bli vanskeleg når ein har fleire barn som ein skal følge signala frå samtidig.

Kvenshagen seier at norske barn i gjennomsnitt sluttar med bleie når dei er mellom tre og fire år. Ho ser derfor ein stor miljøfordel med teknikken.

– Det går mindre bleier, og bleier er eit stort miljøproblem. Nokon nyttar tøybleier, men då er det mykje vask.

Barnelegen føyer til at teknikken kanskje kan føre til at barna raskare blir heilt tørre, fordi dei ikkje er vant til å ha leveransar i bleia.

– Me burde lære om dette

Sjølv om Christina Eng Hauge er veldig opptatt av babypotting, nyttar ho også eingongsbleier. Mange som nyttar teknikken er heilt bleiefrie, men Hauge er fornøgd så lenge ho slepper bæsjebleiene.

Ho poengterer derfor at ho ikkje dømmer dei som berre nyttar bleier til barna.

– Problemet er at me ikkje veit om dette. Me burde lære om dette på helsestasjonen eller fødeavdelinga, seier ho.

Helsedirektoratet er ikkje kjend med metoden, men svarar på generell basis at dei ofte får førespurnader om faglege tema som bør bli omtalt i Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetenesta.

Ellen Margrethe Carlsen, avdelingsdirektør for barne- og ungdomshelse i Helsedirektoratet.

Ellen Margrethe Carlsen er avdelingsdirektør i avdeling barne- og ungdomshelse i Helsedirektoratet.

Foto: Finn Oluf Nyquist

– Retningslinja er ikkje meint til å vere ei lærebok, men skal vere ei støtte til praksis for å fremme god kvalitet, hjelpe helsepersonell og pasientar til å ta gode avgjerder og bidra til å redusere uønskt variasjon, seier avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i avdeling barne- og ungdomshelse.

– Difor vil det alltid vere ei vurdering om kva som bør omtalast i retningslinja, og kva som finst i lærebøker for tilsette i tenesta.

Ho seier at det per i dag ikkje er planlagt nye anbefalingar i retningslinja, men at dei set stor pris på alle faglege førespurnader og tek det med seg i arbeidet framover.

Ser berre fordeler

For Hauge er den største fordelen av babypotting at ho får ein fornøgd baby.

– Han er jo ikkje alltid fornøgd, men me har ikkje hatt problem med forstopping eller utslett.

Mor holder barn på sofa.

Christina Eng Hauge lærer sonen Noah babyteikn sånn at han kan seie når han må på do.

Foto: Oda Bjønnes Hanslien / NRK

Ho slepper å vaske avføring av barnet, og seier ho sparar tid, søppel og vond lukt på badet.

– Eg ser eigentleg berre fordelar med det.

Les også Advarer mot termokopp: Jakob (2) alvorlig brannskadd

Jakob, med brannskader i ansiktet, koser med en kanin

Les også Fryktar utrygge barn: – Bemanninga i norske barnehagar er kritisk

Foreldre Kristine og Tonje